Politikk og samfunn

«Det er på høg tid å gjere fysisk aktivitet til ein større del av skulekvardagen»

«Skulen har ei fantastisk moglegheit til å forme gode vanar som varer livet ut. Akkurat denne moglegheita meiner vi at vi bør gripe,» skriv Martin Skaret, leiar i Follo Unge Høgre og Markus Ringsby, leiar av Nedre Romerike Unge Høgre.

Markus Ringsby og Martin Skaret (17)
Leiar i Follo Unge Høgre og Leiar av Nedre Romerike Unge Høgre
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Regjeringa snakkar varmt om betre folkehelse og meir praktisk skule, men fjernar samtidig kravet om fysisk aktivitet i skulen. Når stillesitting, skjermbruk og psykiske helseplager aukar blant unge, vel politikarane å ta bort eit av dei enklaste tiltaka vi veit verkar. Det er ikkje vi elevar som treng mindre rørsle – det er skulen som treng meir.

Viktig for helsa og læringa

For vi elevar sit store delar av skuledagen vår bak pulten. Lange timar med undervisning, skjerm og lekser gjer at fysisk aktivitet ofte blir nedprioritert. Samtidig anbefaler Helsedirektoratet at barn mellom 6 og 17 år skal vere i aktivitet i minst 60 minutt kvar dag, og forsking seier at fysisk aktivitet er både viktig for helsa, men også for læringa. Vi meiner det er på høg tid å gjere fysisk aktivitet til ein større del av skulekvardagen vår, og å sikre elevane minst 30 minutt fysisk aktivitet kvar dag.

Derfor var det eit viktig grep då Erna Solberg si regjering i 2017 innførte eit krav om dagleg fysisk aktivitet i skulen. Målet var å gjere rørsle til ein naturleg del av skulekvardagen, ikkje berre for helsa, men også for læringa.

Ein halvtime fysisk aktivitet treng ikkje vere vanskeleg å gjennomføre i praksis. Det kan enkelt bli ein naturleg del av ein praktisk og variert skulekvardag som korte pausar ute, aktive undervisningsmetodar og oppgåver som kan gjerast ute og i rørsle. Fysisk aktivitet handlar ikkje om hard trening eller å forstyrre undervisninga, men rett og slett berre å få opp pulsen litt og å få ein pause frå stillesittinga.

Skulen har ei fantastisk moglegheit til å forme gode vanar som varer livet ut. Akkurat denne moglegheita meiner vi at vi bør gripe. Å vere i aktivitet legg grunnlaget for både læring og god folkehelse, og ei viktig prioritering framover bør vere å satse på ei sunn befolkning og å ha verdas beste skule.

Feil nedprioritering

Likevel bestemte Støre-regjeringa seg i 2024 for at dei ville trekkje kravet. Dette er til trass for at fleire skular har testa det, og fått gode resultat når det kjem til trivsel, læringsmiljø og konsentrasjon. Evalueringa av skulane viser mellom anna auka konsentrasjon i undervisninga og eit betre læringsmiljø. Regjeringa valde likevel å ikkje ta desse erfaringane på alvor, til trass for at både forsking og praksis peikar i same retning. Dette er ikkje godt nok.

Vi meiner det er feil å nedprioritere fysisk aktivitet i skulekvardagen vår. Vil politikarane ha ein meir praktisk og variert skule, må dei også tore å prioritere den. Fysisk aktivitet verkar – gi det ein fast plass i skulen vår!