«Swiftie» tatt inn i ordboka

Taylor Swift sine fans har blitt anerkjende av Dictionary.com.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

Hey kids, spelling is fun!

Taylor Swift har kanskje fjerna denne setninga frå låten ME!, men no kan fansen hennar kose seg med å stave «Swiftie» korrekt.

«Swiftie» er nemleg eitt av orda som nyleg blei lagt til i den digitale ordboka Dictionary.com. Det melder mellom anna USA Today og ENews.

«Swifties» er det tilhengjarane til Taylor Swift blir kalla. Dictionary.com definerer ein «Swiftie» som «a fan of the music of Taylor Swift», altså ein fan av Taylor Swift sin musikk.

Skjermbilete frå Dictionary.com

Dictionary.com har strenge kriterium for at eit ord skal bli lagt til: Det må vere eit ord som bli brukt av mange menneske, det må bli brukt av desse menneska på stort sett same måte, det vil truleg bli brukt lenge og det må vere nyttig for eit stort publikum.

«Swifties» er ikkje den einaste tilhengjarskaren som har kome inn i ordboka. «Beyhive» (Beyoncé-fans), «Trekkie» (Star Trek-fans) og «Janeite» (Jane Austen-fans) er òg med i den siste oppdateringa, der 1500 nye ord er lagt til.