Vil at innvandrarar skal få læra nynorsk
For å betra integreringa i nynorskkommunar, må norskopplæringa vera på det skriftspråket som blir brukt lokalt, meiner Norsk Målungdom.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Innvandrarar bør læra nynorsk
– Den språkopplæringa innvandrarar har krav på må vera på det skriftspråket som blir brukt lokalt, seier nestleiar i Norsk Målungdom, Kristofer Olai Ravn Stavseng i ei pressemelding.
LES OGSÅ: No får du Målungdom-kondom
Målungdommen meiner at vaksenopplæring som berre er på bokmål gjer det vanskelegare for innvandrarar å delta i arbeidslivet og i den lokale frivillige arenaen. I tillegg kan det føra til problem heime, då foreldra ikkje kan hjelpa ungane like godt med skulearbeidet.
– Innvandrarborn i nynorskkommunar lærer nynorsk. Om foreldra berre lærer bokmål på vaksenopplæringa, vil dei få problem med å hjelpa borna sine med skulearbeid, seier Stavseng.
27 kommunar gir nynorskopplæring i dag
Det finst nokre kommunar som gir vaksenopplæring på nynorsk i dag. No ønskjer Norsk Målungdom at fleire nynorskkommunar følgjer etter.
Dei brukar mellom anna Voss, ein typisk nynorskkommune, som døme. Der er vaksenopplæringa på bokmål, trass i at det vart gjennomført eit prøveprosjekt med vaksenopplæring på nynorsk mellom 2003 og 2006.
– Den gongen stod det dårlegare til med nynorsktilfanget, og derfor gjekk kommunen over til bokmål etter at prosjektet var ferdig. I dag finst det godt materiell for nynorskopplæring for vaksne innvandrarar, og 27 nynorskkommunar vel i dag å gi innvandrarane sine nynorskopplæring, seier Stavseng.
LES OGSÅ: Med eit mål for auget