Colombianarane går til valurnene: – Spente på kva USA har å seie om valet
Kort tid etter at presidenten i nabolandet vart bortført av USA, skal Colombia velje sin nye leiar.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Mange kandidatar ser etter godkjennande nikk frå Trump-administrasjonen for å vinne stemmer og støtte til kampanjen sin.
Det seier colombianske Mariana Moreno Jiménez (21) til Framtida.no på videosamtale.
– Vi veit at viss USA støttar ein presidentkandidat, vil det vere ein viktig faktor for mange menneske på grunn av USAs investeringar i landet, ikkje berre i olje og energi, men også andre sektorar, seier ho.
8. mars er det parlamentsval i Colombia, og i mai skal folket velje ny president.
Jiménez fortel at mange av kandidatane på høgresida har lova at dei vil halde fram med kampen mot kokain i landet, som Trump er oppteken av, eller å jobbe tett med USAs militære mot menneskehandel.
– Mange menneske er nervøse og spente på kva USA har å seie om valet.
Ein del av bakteppet for valet, er at USA i januar tok til fange Nicolás Maduro, som var president i nabolandet Venezuela. Før jul, etter at USA hadde gått til angrep på venezuelanske fraktskip, uttala Trump om den colombianske, venstreorienterte presidenten Gustavo Petro: «He’ll be next».
Seinare skal dei to presidentane derimot ha hatt eit venleg møte i Washington.
Bekymringsverdig
Jiménez studerer politisk vitskap og internasjonale relasjonar ved universitetet Javeriana i Bogotá, hovudstaden i Colombia.
Framtida.no intervjuar ho og medstudentane hennar, Martín Uribe García (23) og Valeria Rodriguez Santisteban (23) på videosamtale frå Bogotá.
Jiménez syntest det var bekymringsverdig å sjå USA bryte internasjonal lov utan konsekvensar, då dei bortførte presidenten i nabolandet.
Martín García fortel at president Petro samla mykje støtte i etterkant av trugselen frå Trump.
– Det var ei massiv manifestering av støtte til han og til suvereniteten til Colombia, seier han.
Det at Trump og Petro gravla stridsøksa, meiner han var pragmatisk frå begge partar: Trump såg at Petro klarte å mobilisere støtte til venstresida.
Petro, på si side, fekk vise at venstresida kan ha gode relasjonar med USA, noko som er viktig overfor veljarane, poengterer Jiménez.
– Ser innblanding frå USA
– Kjenner de på nærværet til USA i bakgrunnen av dette valet?
– Det er komplisert. USA har hatt eit nært forhold til Colombia gjennom historia, svarar Jiménez.
– I dei siste vala i Bolivia, Argentina og Chile har vi sett innblanding frå USA, seier Valeria Santisteban og held fram:
– Trump tar kontroll over styringa i Venezuela medan dei leitar etter ein ny president. Og vi har eit historisk perspektiv med innblanding frå USA i Latin-Amerika. Kanskje det er ei moglegheit at det skjer hos oss, seier Valeria Santisteban.
García seier at påverknad frå USA i Colombia ikkje er noko nytt. USA har opent hatt militært nærvær i landet i lang tid, i motsetnad til dei hemmelege operasjonane mot Venezuela. Historisk sett har USA også finansiert politiske grep i Colombia.
– Mjuk påverknad har skjedd heile tida. No skjer det meir offentleg. Det har vore eit skifte. No er det ikkje berre den økonomiske påverknaden, men også ein veldig direkte fare for militær intervensjon, seier han.
Han påpeiker også at det finst ei væpna geriljagruppe på grensa mot Venezuela, og at det har kome rapportar om at denne gruppa har fått våpen frå det venezuelanske militæret.
– USAs intervensjon i Latin-Amerika har historisk sett brakt vald. Det er bekymringsverdig, seier han.
– Treng moglegheiter for unge
Dei tre studentane Framtida.no snakkar med, har kvar sine håp og forventingar til valet.
Valeria Santisteban, som høyrer til venstresida, støttar kandidaten Iván Cepeda.
Dei viktigaste sakene for henne er multikulturelle perspektiv og jobbmoglegheiter for unge.
– Vi treng moglegheiter for at unge kan skape eit liv i landet vårt, seier ho.
Martín García plasserer seg meir i sentrum av det politiske spekteret. Han trekker fram økonomisk politikk og helsesystemet som viktige saker. Han viser til at president Petro har forsøkt å gjennomføre ei helsereform, men med manglande støtte i kongressen har han enda opp med å gjere upopulære grep.
– Vi treng endringar i helsesystemet vårt, men endringane Petro har føreslege og prøvd å implementere, har ikkje fungert slik han ville, og slik vi treng. Helsesystemet treng nokon som tar tak i det problemet, seier García.
Mariana Jiménez skildrar seg sjølv som moderat på det politiske spekteret. Ho har endå ikkje bestemt seg for kven ho vil røyste på når Framtida.no snakkar med ho. Sakene ho trekker fram er sysselsetting, pensjon og utdanning. Ho nemner eit viktig fond for utanlandsstudium som vart lagt ned i fjor.
– Eg ser etter kandidatar som vil gi betre tilgang på utdanning, og at det å få studere på universitetet ikkje skal vere eit privilegium, men ein rett, seier ho.
Samla venstreside, ny høgreside
Dei tre studentane er einige om at årets val vert eit retningsval for Colombia. Gustavo Petro er den første venstreorienterte presidenten Colombia har hatt, og valet vil bli ein viktig dom over korleis denne politikken vert motteken.
Venstresida står i dette valet meir samla, og kan inngå i ein koalisjon for å regjere saman på eit felles prosjekt. For venstresida er dette eit høve til å bli ein viktig del av det politiske systemet i Colombia, påpeiker Martín.
Samstundes representerer den mest populære kandidaten på høgresida, ei «ny høgreside», ifølge Martín:
– Vi ser eit regionalt og globalt fenomen med nye politikarar og parti på høgresida. For høgresida står identiteten deira på spel, meiner han.
Den største kandidaten på høgresida, Abelardo de la Espriella, er ein partipolitisk outsider som kallar seg sjølv «El Tigre» (tigeren), og seier han ser opp til Argentinas president Javier Milei. Han kjempar for den tradisjonelle familien, patriotisme og tøff behandling av kriminelle, og imot feminisme, transpersonar og abort.
Skuffa over regjeringa
Valeria Santisteban fortel at ho er involvert i aktivisme. Ho meiner for få unge folk deltek i det politiske livet og val. Ho påpeiker at representantar til ungdomsråd i stor grad har vorte valde inn frå høgresida. Ho fortel også at høgresida, særleg med de la Espriella i spissen, klarar å mobilisere på TikTok.
– Vi har mange problem for unge i Colombia. Det er ein liten minoritet som deltek i politikken. Det bekymrar meg, seier ho.
García trur eitt aspekt ved mangelen på deltaking blant unge kjem av at mange er skuffa over den noverande regjeringa.
Han fortel at mange av venene hans reknar seg sjølve som feministar og hevdar at Petro-regjeringa har representantar som er skulda for eller under etterforsking for seksuelt krenkande oppførsel eller vald mot kvinner.
– Mange er opptekne av å røyste for kvinner som står opp for å beskytte kvinner. Colombia har sett ein auke i drap på kvinner. I presidentvalet, som er veldig mannsdominert, har ikkje dette den same krafta, seier han.
Likeins opplever Jiménez at mange unge frå etniske minoritetar er opptekne av å sjå representasjon av si eiga gruppe i kongressen.
– I tidlegare periodar har representantar for etniske grupper ikkje verkeleg representert samfunna sine. Dei har hatt skandalar og blitt trekte mot interesser på venstre- eller høgresida, og mista fokus på kva dei er der for: rettane til folka sine, seier ho.
Studiar viser at innfødde og afroamerikanarar har større vanskar med å få høgare utdanning og dei same moglegheitene som resten av landet.
– Den colombianske staten har ignorert dei, seier ho.
Ho meiner dei yngre generasjonane har løfta desse delane av samfunnet, og at dette er eit viktig synspunkt, med tanke på korleis landet er sett saman.










