16-åringar får røysterett i Storbritannia – På Malta har dei allereie prega politikken
Britiske Sam Carling (24) og maltesiske Eve Borg Bonello (22) er samde om at god opplæring er viktig når ein lar 16-åringar røyste.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
Den britiske regjeringa kunngjorde i fjor at dei vil senke røystealderen i Storbritannia frå 18 til 16 år innan neste parlamentsval.
– Folk som er 16 kan gifte seg, melde seg til militæret og betale skatt. Dei bidreg til samfunnet. Då er det eit viktig prinsipp at dei kan røyste.
Det seier Samuel Carling til Framtida.no. 24-åringen er den yngste representanten i det britiske parlamentet, der han er valt inn for Labour.
Det er partiet hans som no legg fram lovforslaget som vil gi 16- og 17-åringar rett til å røyste ved neste parlamentsval, som seinast kjem i 2029.
– Unge vert mindre engasjerte i politikk og demokrati, verda rundt. Statistikk viser dramatisk større sannsyn for at dei eldre generasjonane røyster. Eg bekymrar meg for at det gjer at sakene som betyr mest for unge, vert nedprioriterte, seier Carling.
– Ikkje fordi politiske parti meiner å nedprioritere dei, men systemet er lagt opp til at politikk som er støtta av dei som røyster, blir prioritert. Det vert påverka av alder, men også andre variablar, som kulturell bakgrunn eller funksjonsevne, legg han til.
Han vonar at røysteretten vil stimulere til eit sterkare politisk engasjement blant unge.
Nye stemmer
Også i Noreg har det vore debattar om å la 16-åringar røyste.
Nokon som har gjort seg erfaringar med røysterett for 16-åringar, er Malta. Øystaten senka røysterettsalderen til 16 år i 2018.
I 2022 fekk 16-åringane gå til valurnene for første gong. Ei av dei som vart vald, er Eve Borg Bonello (22). Ho er den yngste som sit i det maltesiske parlamentet, der ho representerer det kristen-demokratiske opposisjonspartiet Partit Nazzjonalista.
Borg Bonello fortel at Malta opplevde eit skred av ferske representantar og ungt blod som vart valde inn i 2022.
– Mange i den eldre garden tok eit steg tilbake, og ferske ansikt strøymde inn for å fylle tomrommet. Det vart lagt mykje ansvar og tillit på unge folk. Tradisjonelt har det vore vanskeleg å bryte gjennom for nye kandidatar, men i det førre valet såg vi ein massiv appetitt for yngre røyster, seier ho.
Ho understrekar at det er viktig med ein balanse, og at ho set pris på kollegaer med lang fartstid og mykje erfaring.
Rettar og ansvar
Borg Bonello støttar ivrig grepet om å la 16-åringar røyste. Ho påpeiker at nasjonalforsamlinga skal representere folket, og at det derfor er viktig at ulike grupper er representerte.
– Eg ønsker alltid å sjå brei representasjon for ulike delar av samfunnet, om det gjeld aldersgrupper eller sosial bakgrunn. Det er eit positivt steg, særleg når vi snakkar om saker som berekraft, klimaendringar, langsiktige planar og visjonar. Dei unge skal arve landet, og har mest på spel, seier ho.
Men med røysterett må det også følge god opplæring, påpeiker ho. Unge røysteføre treng informasjon om demokrati og politiske prosessar. Det finst noko opplæring i skulen, men ikkje nok, meiner ho.
– Det må vere ein viktig del av pensum, ikkje berre for 17-åringar, men også på barne- og ungdomsskulen: politisk informasjon og forståing for kva det tyder å vere ein aktiv borgar, slår ho fast.
Samstundes understrekar ho at ungdommen sjølv har eit ansvar for å halde seg oppdatert, vite kva som skjer, få medieforståing og tenke kritisk.
Viktige ferdigheiter
Nett som Borg Bonello på Malta er Carling bekymra for at nokre førstegongsveljarar ikkje vil vere eksponerte nok for politikk og samfunnsspørsmål, eller ha god nok kjeldekritikk.
– Dette er veldig viktige ferdigheiter. Vi må sørge for at skulen utrustar folk med ferdigheit og kunnskapen til å ta eigne val. Ikkje for å fortelje dei kva dei skal tenke, men korleis ein kan tenke og forme argument, seier han.
Han legg til at mange over 18 er i same situasjon:
– Det er ikkje slik at du får kunnskap om samfunnet og verda med ein gong du fyller 18. Du må uansett interessere deg for politikk og sørge for at du er informert. Eg trur ikkje alder er ein viktig faktor for det, eg trur dei som er 16 eller 17 er ganske like dei i aldersgruppa over, seier han.
Samstundes fortel Carling at han har hatt mange samtalar med skuleelevar om demokratiet. Han har fortalt dei om det politiske systemet og svara på spørsmål.
– Spørsmåla dei stiller, er innsiktsfulle. Det er tydeleg at dei brukar tid på å tenke på desse tinga. Engasjementet eg har møtt blant unge i mitt område, har forsterka synspunktet mitt, fortel han.
Prinsipielt standpunkt
Sam Carling fortel at høgresida i Storbritannia har skulda regjeringa for å senke røystealderen for å få større oppslutning om eige parti. Det avviser Carling.
– Det er berre ikkje sant. Det er heller ikkje sant at det er slik unge vil røyste. Meiningsmålingar viser at det ikkje er eit fleirtal av den gruppa som ville røysta for Labour. Dette er eit prinsipielt poeng, slår han fast.
Eit anna motargument i debatten har vore at unge ikkje veit kva dei meiner, eller ikkje har bestemt seg for kva synspunkt dei har. Det er ikkje gode argument, meiner Carling. Han poengterer at mange veljarar – også vaksne – vinglar mellom ulike parti i det noverande klimaet.
– For augeblikket trur eg ikkje mesteparten av folket veit heilt sikkert, gitt dei bevegelsane vi ser, seier han.
– Sterkare demokrati
Forskar Christine Huebner har sett på kva som skjer når 16-åringar får røysterett, som dei mellom anna også har i Austerrike, Argentina, Brasil og deler av Tyskland. I eit innlegg skriv ho at 16- og 17-åringar er like kvalifiserte til å velje eit parti som representerer synspunkta deira, som andre unge veljarar, og at dei stemmer i endå større grad enn dei mellom 18 og 20.
Ho skriv at lågare srøystealder har lågt sannsyn for å endre utfallet av eit val. 16- og 17-åringar utgjer ein liten del av dei røysteføre, og har mangfaldige synspunkt. Samstundes understrekar ho at både politiske parti og media vier meir merksemd til saker som gjeld unge, og at tenåringar som bur med foreldra bidreg til å forme politiske diskusjonar i heimen.
Ho konkluderer med at røysterett til 16- og 17-åringar potensielt kan gi eit sterkare og meir robust demokrati.
Viktig representasjon
Som den yngste i parlamentet kjenner Borg Bonello på eit ansvar for å løfte stemmene til dei unge – sjølv om ho understrekar at ho også har ansvar for å representere sitt eige valdistrikt.
Ho hugsar kor viktig det var for henne å føle seg sett og høyrt då ho sjølv var ung. Som 12-åring skreiv ho ein e-post til ein av sine favorittpolitikarar, som skreiv tilbake til henne og tok seg bryet med å møte henne.
– Det var eit så viktig augeblikk for meg! Så kvar gong nokon tek kontakt, viss dei vil ha råd eller hjelp med å involvere seg, om det er ei ungdomsgruppe, speidargruppe, nokon som ønsker at eg skal sitte i eit panel eller halde eit innlegg, så tar eg meg tid, seier ho.
– Eg veit kor mykje representasjon tyder, og kor viktig det er at unge ikkje berre føler seg som eit punkt på ei sjekkliste, men faktisk blir involverte. At dei veit at dei har ei stemme, ikkje berre på valdagen, men at dei kan ha eit ord med i prosessar og ikkje treng å vere redde for å ytre meiningane sine, seier ho.
Under valet i 2022 tok ho i bruk TikTok for å nå ut med bodskapen sin. Ho meiner det å vere ung gir henne ein fordel når det gjeld å nå ut til andre unge.
– Sosiale medium har demokratisert politisk kommunikasjon, slår ho fast.
Ho viser til at kommunikasjon via sosiale medium er raskare, billigare og meir tilgjengeleg – både for politikarar og veljarar – enn annonsar i tradisjonelle medium.
Hinder for engasjement
Borg Bonello erfarer at dei unge veljarane på Malta stort sett er opptekne av dei same sakene som generasjonane over. Men særleg bustadmarknaden er heit blant unge veljarar. Dessutan er levekostnader og trafikk viktige saker.
Borg Bonello meiner unge vert sterkt påverka av høge levekostnader som fører til ei tidsklemme. Ho trur også det hindrar mange i å engasjere seg i politikken.
– Lønene er låge, så folk må jobbe hardare. Kanskje har dei to jobbar ved sida av studium, påpeiker ho.
Kostnader og bustader
Også Carling oppfattar at den store, overordna saka som unge i Storbritannia er opptekne av, er levekostnader. Dette er felles for alle aldersgrupper. For unge er det særleg viktig med tilgjengelege bustader, erfarer han.
Unge er dessutan opptekne av at miljøsaker er på den politiske agendaen, noko som også er tilfelle for aldersgruppene over.
Han legg til at unge vert framstilte som meir opptekne av utanrikssaker, som til dømes situasjonen i Midtausten, men han spekulerer i om det er eit kunstig bilete.
– Unge er meir aktive og høglydte i sosiale medium. Det kan føre til ei feiloppfatning om at fleire unge prioriterer den saka. Medan eg trur mange folk i ulike aldersgrupper er opptekne av desse tinga, seier han.
Viktige erfaringar
Carling, som altså sjølv har komme inn i politikken i ung alder, meiner det er viktig med unge røyster i parlamentet. Han viser til at han sjølv gjekk gjennom eit utdanningssystem som Tory-ane hadde kutta i. Det førte til at hans lokale sixth form, altså skuleåra frå 16 til 18, vart lagt ned, saman med fleire fag på skulen.
– Eg har førstehandskjennskap til kva politikarane i parlamentet på den tida gjorde, og korleis det påverka unge folk, seier han.
Han har også strevd med å leige bustad i ein brutal marknad der dei fleste kollegaene hans har vore huseigarar i mange år.
– På grunn av alderen min har eg hatt ulike erfaringar enn kollegaene mine, slår han fast.
Dette aldersskiljet legg han særleg merke til når det gjeld spørsmålet om å stenge sosiale medium for born under 16 år. Parlamentet har nyleg stemt ned eit slikt forslag. Medan fleire av dei eldre politikarane argumenterer for bannlysinga, er han og fleire andre i 20-åra skeptiske.
– Vi påpeiker at unge er digitalt smidige. Viss vi bannlyser nokre plattformer, vil andre plattformer dukke opp. Då vert det vanskelegare å regulere og takle nokre av problema og skadeleg innhald, seier han.
Han meiner sjølv at eit forbod vil gjere meir skade enn godt.
– Vi bør heller regulere dei plattformene vi har, og krevje grenser for avhengnadsskapande tenester som «shorts» og «reels», som vi veit påverkar merksemda til unge. Den beste tilnærminga er restriksjonar på funksjonar, meiner han.
Han legg til at det finst fordelar med sosiale medium som ein ikkje må oversjå. Til dømes påpeiker han at unge folk som veks opp og er annleise enn folk rundt seg, til dømes om dei har ei funksjonsnedsetting eller er skeive, kan finne samfunn med likesinna på nettet.
– Det å ha moglegheita til å finne nettverk der ein kan finne støtte, er kritisk, meiner eg. Bannlysing er eit for sterkt verktøy. Vi må sjå nærmare på problema i systemet, seier han.











