Illustratør reagerer på KI-skapt bokomslag

I Unni Lindells andre bok om Frøken Snushane er omslaget ein illustrasjon generert av kunstig intelligens. Illustratør Flu Hartberg meiner dette er usolidarisk.

NPK–NTB
Publisert

I den første boka i Unni Lindells serie om Frøken Snushane vart illustrasjonen på framsida teikna av illustratør Odin Helgheim. Bok nummer to, som kom ut på Bonnier forlag førre veke, har derimot ein illustrasjon generert av kunstig intelligens (KI).

– Det er usolidarisk, kynisk, tarveleg og stygt, seier Flu Hartberg til Klassekampen.

Hartberg, som er illustratør og leier gruppa Kiki (Kunstnarisk initiativ for regulering av kunstig intelligens), er overraska over at Lindell har godteke KI-bruken.

– Det er veldig skuffande at ein medkunstnar ikkje yter nokon motstand mot utviklinga – ho kan bli bytt ut med KI, ho òg. Det er usolidarisk av både henne og forlaget, seier han.

Forlaget Bonnier stadfestar at omslaget er laga ved hjelp av KI, ettersom Helgheim ikkje hadde kapasitet til å jobbe med omslagsdesignet, og seier det er basert på Lindells eigne skisser og ikkje på Helgheims illustrasjonar.

Bonnier-direktør Alexander Even Henriksen skriv i ein sms til Klassekampen at forlaget skil mellom KI som støtteverktøy og sjølvstendig opphav.

«Det er viktig at mennesket står som kreativ opphavsperson og tar de avgjørende kunstneriske valgene. Der KI overtar det skapende ansvaret, beveger vi oss inn i et mer problematisk landskap» skriv Henriksen.