Politikk og samfunn

«Fortener ikkje kubanarar hjelp?»

Vi burde sende drivstoff til folket på Cuba saman med andre humanitære bidrag, skriv Evar Kristoffer Olaussen.

Evar Kristoffer Olaussen (23)
Sentralstyremedlem i Raud Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.

Heilt sidan revolusjonen i 1959 har USA gjort sitt beste for å stanse moglegheita for god velferd til kubanarar som bur på øynasjonen. Det uttala målet har vore å knuse den kommunistiske regjeringa på Cuba, noko som var spesielt viktig for amerikanarane under den kalde krigen.

Den føretrekte metoden for å svekke tilliten til regjeringa på Cuba, har vore å stoppe all handel mellom Cuba og andre nasjonar. Inntil nyleg har Cuba så vidt overlevd handelsblokaden USA har tvinga på dei, men no er det ei humanitær krise som treffer kubanarane etter at Venezuela slutta å forsyne dei med drivstoff.

Gatene i Cuba er fulle av søppel fordi søppelbilane ikkje kan køyre for å plukke det opp, sjukehusa rasjonerer og skulane har sendt elevane heim. Straumen på Cuba er ikkje basert på fornybar vasskraft, solpanel og vindturbinar, slik mykje av straumen vår er, men i staden er landet heilt avhengig av drivstoff. 10 millionar menneske er avhengige av drivstoff for at samfunnet skal ha ein liten sjanse til å gå rundt, men no er det på veg til å bli ein humanitær katastrofe.

Midt i dette skryter president Trump over politikken dei har ført og påstår at Cuba er ein feila nasjon fordi dei ikkje har drivstoff. Drivstoff som øynasjonen sjølvsagt berre hadde fått gjennom handel, uavhengig av om det var kommunistar eller Trump-sympatisørar som hadde styrt.

Tvangstrøye

Handelsblokaden USA har innført og halde på i 64–66 år er ei openberr tvangstrøye på ei kvar regjering på Cuba. I tillegg er det ikkje openbert at det er ein lovleg blokade heller. Mellom anna bryt han den fjerde Genèvekonvensjonen, som skal beskytte sivilbefolkninga i krigstid mot at dei humanitære behova deira ikkje vert brotne. Cuba er ikkje i krig med USA, men ei kollektiv straff mot heile befolkninga på Cuba gjennom handelsblokadane, gir same konsekvensar som ei krigshandling ville gjort.

Verdssamfunnet har stemt i FN 33 gonger over denne blokaden, og nesten kvar gong stemmer fleirtalet for å stanse blokaden, men USA har vetorett og køyrer over. Kvar gong.

Kven vil vi vere?

Det er veldig klart at USA ikkje har dei beste interessene til befolkninga på Cuba i minne, like lite som dei har si eiga befolkning eller befolkninga i Palestina sine beste interesser i minne. Dei ønsker berre at dei kan halde fram med å vere verdas politi, koste kva det koste vil.

Spørsmålet for oss i Noreg er kven vi vil vere i dette. Eg meiner vi burde vise medmenneskeleg solidaritet og sende drivstoff til folket på Cuba saman med andre humanitære bidrag. Det kostar oss så lite. Fortener ikkje kubanarar også hjelp?