Klima og miljø

«Vi må forby reklame for klimafiendtlege produkt»

«Det er ikkje alle som har økonomi, viljestyrke eller kapasitet til å ta klimavenlege val i kvardagen sin. Derfor må vi kvar dag jobbe for å gjere dei klimavenlege vala så enkle som mogleg,» skriv Maria Tøsse Pihlstrøm.

Maria Tøsse Pihlstrøm (15)
Politisk leiar i Oslo Grøn Ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

For nokre veker sidan kom nyheita om at Amsterdam vil forby reklame for kjøt og fossile produkt. Det er ingen grunn til at Noreg ikkje skal følge i fotspora deira.

Samtidig som klimaendringane får enorme konsekvensar i heile verda, held nordmenn fram med å leve med eit høgt klimafotavtrykk. Det er kanskje ikkje så rart, når vi heile tida vert konfronterte med utspekulerte reklamar om billige flyreiser til Maldivane, saftige burgarar frå Burger King eller avslappande cruise til europeiske storbyar.

Men realiteten er at vi ikkje lenger kan forbruke på det nivået vi gjer no. 2025 var det varmaste året nokosinne. Klimaendringane får irreversible konsekvensar og fører til at éin person må forlate heimen sin kvart einaste sekund. Då må vi, om vi vil det eller ikkje, sette inn drastiske tiltak.

Noreg i europatoppen

Kjøtforbruket vårt ligg langt over både helsekostråda og kva som er forsvarleg for klimaet. Men dersom vi legg til berre eitt vegetarmåltid i veka, kjem vi langt. Problemet oppstår når kikerter og agurk trugar ein allereie pressa økonomi, og burgaren som det vert reklamert for på busstoppet, verkar både freistande og billig. Derfor må vi fjerne både momsen på frukt og grønt og reklamen på busstoppet.

Nordmenn er i europatoppen i talet på flyreiser i året. Samtidig held vi fram med å idyllisere ein oljeindustri som er på veg ut, og som brukar utspekulerte verkemiddel for å lure folk til å ta klimafiendtlege val.

Skal vi verkeleg halde fram med å la dette skje? Medan oljelobbyistane i Equinor og marknadsavdelinga i SAS får pumpe fossilpropaganda ut i det offentlege rom, dør menneske av ekstremvêr som flaum, tørke og hetebølger.

Vil ikkje ta salamien frå nokon

I ei verd der Donald Trump er president i USA, Israel gjer folkemord på Gazastripa og Noreg held fram med å pumpe opp olje som aldri før, kan det verke unyttig å gjere personlege endringar for å redde klimaet. Det er ikkje alle som har økonomi, viljestyrke eller kapasitet til å ta klimavenlege val i kvardagen sin. Derfor må vi kvar dag jobbe for å gjere dei klimavenlege vala så enkle som mogleg. Vi må ha billigare frukt og grønt, fleire kollektivavgangar, nattog til Berlin, og vi må forby reklame for klimafiendtlege produkt.

Dette handlar ikkje om å ta frå nokon retten til å ete salami på brødskiva, det handlar om å gjere det litt lettare å ta klimavenlege val. MDG vil halde fram med å kjempe for å gjere det enklare, ikkje vanskelegare, å velje det rette.