Politikk og samfunn

«Er ikkje amerikanske barn verde opprøret vårt?»

ICE er eit rasistisk, maktdrive apparat som blir brukt for å skape uro, frykt og legitimere vald, skriv Sam Achelous Ohrt frå Press.

Sam Achelous Ohrt (20)
Sentralstyremedlem i Press – Redd Barna ungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.

I løpet av det siste året har Trump-administrasjonen vorte meir aggressiv enn nokon gong. For meg er ikkje konsekvensane av denne politikken abstrakte; dei er dødelege.

Eg les om Renee Nicole Good som blir skoten og drepen, medan ICE-agentar hevdar at det er sjølvforsvar. Men eg kan ikkje akseptere at sjølvforsvar kan bety å ta livet til ei uskuldig trebarnsmor. Dette er no tre barn som har vorte fråtekne mora si.

Når dette skjer igjen og igjen, er det ikkje lenger snakk om enkelthendingar. Det er eit mønster.

Eit rasistisk, maktdrive apparat

Eg opplever at ICE og Trump-administrasjonen prøver å gøyme seg bak ord som «tryggleik» og «sjølvforsvar», men det eg ser er eit rasistisk og uforsvarleg maktapparat i fri utfalding.

Dette handlar ikkje om tryggleik, det handlar om kva liv som blir rekna som verdifulle.

ICE er ikkje ein fredsskapar. ICE er ikkje tryggleik. ICE er eit rasistisk, maktdrive apparat som blir brukt for å skape uro, frykt og legitimere vald. Historia gjentek seg, ikkje fordi vi ikkje kjenner henne, men fordi vi lèt ho skje

Eit døme som gjorde særleg inntrykk på meg, var uttalen frå visepresident Vance etter at eit fem år gammalt barn, Ramos, vart arrestert.

Vance hevdar at han gjer såkalla oppfølgingsundersøkingar, og at faren var ein ulovleg innvandrar. Han seier det er synd at barn blir «fanga opp i dette», samtidig som han insisterer på at barnet ikkje vart arrestert. Denne ordbruken er både umenneskeleg og uakseptabel.

Når eit barn blir pågripe av væpna agentar, fråteken tryggleik og brukt som pressmiddel, er det arrestasjon uansett kva ord ein vel å bruke.

Øydelegg liva til barn

Det er no minst ni barn som har vorte fanga opp i denne situasjonen. Barn heilt ned i toårsalderen som blir ramma, traumatiserte og fråtekne grunnleggjande tryggleik. Liva til desse barna blir øydelagde, og i verste fall går dei tapt.

Kor mange barns liv må til før vi vel å seie stopp?

Akkurat no er det berre Trump-administrasjonen som bestemmer når det skal ta slutt. Etter berre eitt år i presidentstolen ser vi alvorlege og irreversible konsekvensar som går ut over folket, og spesielt barna. Skal vi verkeleg ta håpet frå dei som ein dag tek over etter oss?

Det handlar om barn

USA har framleis ikkje ratifisert FNs barnekonvensjon. Han eksisterer for å verne barn, sikre rettane deira og gi dei ei stemme.

Politikken til Trump-administrasjonen bryt direkte med desse prinsippa.

Samtidig er det openbert at ansvaret for skadane som vert påførte, ikkje vil bli teke frivillig med dagens lovverk og leiarskap.

Dette handlar om barn. Om barns rettar, barns fridom og ikkje minst barns framtid.

Eg blir opprørt når eg ser korleis barn blir utsette for unødvendig mental og fysisk vald som følgje av denne politikken. Vi hadde ikkje akseptert det dersom det skjedde med barna våre. Er ikkje amerikanske barn verde opprøret vårt?

Eg meiner vi også har eit ansvar. Eit ansvar for å snakke for dei som ikkje kan.

For dei som blir tvinga ut av landet, sensurerte, fengsla og drepne.

Ingen skal bli gløymde. Ingen barn skal måtte lide slik dei gjer no. Vi må stille krav til våre allierte og til oss sjølve. Kor mykje skal vi tole å sjå før vi handlar?

Noreg har inga unnskyldning til å stå stille no. Dei med den kanskje minste stemma i samfunnet fortener røysta vår aller mest.