Populære norske ordbøker i fare
Bokmålsordboka og Nynorskordboka er dei mest populære norske ordbøkene på nett. No er det er uklart kva som skjer med dei. I verste fall kan dei bli lagt ned.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Norske ordbøker i fare
Språkrådet slår alarm om at dei norske ordbøkene, med 134.000 daglege søk, står i fare for å forsvinne. Dei to leksikografane som jobbar med nettutgåvene går snart av med pensjon. Den eine er 68 år gammal, og den andre blir 67 år i mai, skriv Klassekampen.
LES OGSÅ: Tilsette i Norsk Ordbok går til sak mot UiO
Språkrådet eig dei to ordbøkene saman med Universitetet i Oslo. Universitetet har vedteke å ikkje tilsetje fleire leksikografar i åra framover, og Språkrådet er urolege for konsekvensane.
– Universitetet må ikkje avslutte dette arbeidet før det har funne ei varig, alternativ løysing. Vi har også beklaga at Universitetet ikkje ser det som si oppgåve å drive eit ordboksarbeid som er basert i deira språkvitskapelege arbeid, seier Daniel Gusfre Ims, seksjonssjef i Språkrådet
Språkrådet har sjølv sagt seg villige til å overta ansvaret for ordbøkene, men har ikkje utan vidare råd til dette i dag.
– Då må vi få overført ressursar. Men det vil vere ei trygg løysing for oss, for då veit vi at dei vil bli prioriterte, seier han.
Universitetet i Oslo har foreslått at Nasjonalbiblioteket kan overta språksamlingane frå Universitetet og eit forlag kan ta seg av ordbøkene, men fagmiljøet er skeptisk til å skilje desse funksjonane. (©NPK)
LES OGSÅ: Fire mytar om norsk