Den 36. utgåva av Tromsø Internasjonale Film Festival (TIFF) gjekk av stabelen i januar. Her er de 10 filmane du bør få med deg så snart du kan.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Fucktoys

Regi: Annapurna Sriram
Land: USA
Lengde: 106 min

Dette var festivalens høgdepunkt for min del. AP er overtydd om at det kvilar ei forbanning over ho, og at den einaste måten å bli fri frå ho er å samle 1000 dollar og ofre eit lam. Med seg på reisa har ho si tvillingsjel Danni, og dei set ut på eit eventyr fylt med absurd humor, sex og bisarre karakterar. Annapurna Sriram er både regissør og spelar hovudrolla, og hennar unike stemme er tydeleg i alle scenane. Filmen er laga på eit mikrobudsjett og er ein av dei villaste og mest underhaldande filmane eg har sett.


Min første kjærlighet

Regi: Mari Storstein
Land: Noreg
Lengde: 88 min
Noregspremiere: 27. februar 2026

Dette er Mari Storstein sin spelefilmdebut, og er ein av dei beste norske oppvekstskildringane eg har sett. Ella sit i rullestol og skal flytte heimanfrå for å studere. Vi får sjå scener mange kan kjenne seg igjen i; fadderveka, øl på byen, den fyrste kjærleiken, men også spesifikke situasjonar som mange nok ikkje er kjent med. Frustrasjonar med kommunen, livet på ein institusjon du ufrivillig hamna på, og korleis er det eigentleg å date når ein har ein assistent med seg overalt? Ei fin og geniun skildring om korleis livet kan vere, som fekk meg til å føle på glede, kjærleik, sinne, og ein god dose flauheit.


Pillion

Regi: Harry Lighton
Land: Storbritannia
Lengde: 106 min

Pillion handlar om eit kjærleiksforhold som eg ikkje har sett på film før. Colin blir forført av den utruleg kjekke motorsyklisten Ray, som inviterer han til å bli hans submissive (underdanige). Filmen er morosam, spennande, urovekkande og tankevekkande på same tid. The Guardian beskreiv filmen som eit møte mellom Wallace & Gromit og 50 Shades of Grey, noko og kan seie meg einig i. Ei god skildring av BDSM-miljøet som ein sjeldan får på film.


Ingen leser lenger

Regi: Jenny Speight
Land: Noreg
Lengde: 13 min

Ingen leser lenger var eit av høgdepunkta frå årets Young Directors-program. Den nordnorske kortfilmen handlar om ein som står framfor eit vanskeleg val, og ein framand som hjelper på sin eigen måte. Han er ikkje overberande og lar sjåaren gjere opp sine eigne tankar, sjølv om han tar for seg tunge tema. Han kjennest ut som eit friskt pust, som er akkurat det eg håpar på når eg ser film frå unge regissørar.


SPOR

Regi: Jenny Andersen
Land: Noreg
Lengde: 60 min
Noregspremiere: 27. februar 2026

Tog i Nord-Noreg har vore eit mykje diskutert tema, heilt sidan Stortinget for over 100 år sidan vedtok at Nord-Norgebanen skulle byggjast. Spor er ikkje historia til Nord-Norgebanen, men til ein av dei største forkjemparane for prosjektet. Dokumentaren følger Hilde Sagland, ei eldsjel med bøttevis av kreativitet og iver. Eg sat igjen med ei varm kjensle, og ein sterk kjærleik for landsdelen min.


California Schemin’

Regi: James McAvoy
Land: Storbritannia
Lengde: 101 min

James McAvoy er nok aller best kjent som ein allsidig skodespelar, men hans regidebut er ingenting å kimse av. Det er tidleg på 2000-talet, og den skotske rap-duoen Gavin og Billy slit med å slå gjennom. Ingen tar dei seriøst sidan dei høyrest «for skotske» ut, så dei bestemmer seg for å endre image heilt; frå n av er dei Silibil N’ Brains frå California. Filmen er kjempemorosam, og klein på akkurat dei rette plassane. Historia er til tider så vill at det er vanskeleg å tru at ho er basert på ekte hendingar. Absolutt verd å få med seg om du har moglegheit.


Little Trouble Girls

Regi: Urška Djukić
Land: Kroatia, Italia, Slovenia, Serbia
Lengde: 99 min

Filmen er eit sindig og vakkert coming-of-age-drama. Vi får oppleve ein korleir gjennom perspektivet til Lucija, og får eit innblikk i hennar katolske tru, begjær, og seksualitet. Hovedappellen for meg var hennar forhold til Ana-Maria, som veksla mellom å vere fiendar, venner, og kanskje noko meir? Ein veldig sterk debut med ei heilt tydeleg stemme.


Sirāt

Regi: Oliver Laxe
Land: Spania
Lengde: 115 min
Noregspremiere: 6. februar 2026

Festivalens største wow-oppleving. Fleire i salen måpte med hovudet i hendene store delar av filmen. Eg vil ikkje seie for mykje om handlinga, men om rave i den marokkanske ørkenen med eit bakteppe av tredje verdskrig appellerer til deg, må du få med deg Sirāt. Det er ein slåande film som det er vanskeleg å sette ord på. For å sitere ein av karakterane: Musikken er for å danse til, ikkje for å lytte på


No Other Choice

Regi: Park Chan-wook
Land: Sør-Korea
Lengde: 139 min
Noregspremiere: 13. mars 2026

Dette var filmen er gledde meg mest til under festivalen, og den skuffa ikkje. Park Chan-wook har fleire anerkjende filmar under beltet, og for meg var denne på høgde med hans beste. I denne satiren har vår helt fått sparken, og han slit med å finne seg ny jobb. Utan jobb står huset, hundane, ja, heile livet hans på spel, og han ser berre ein veg ut av situasjonen. Bli kvitt konkurransen hos dei andre jobbsøkarane, kosta kva det koste vil. Boka filmen er basert på kom ut på 90-talet, men historia er like relevant i dag, og ho er fortalt på ein vittig og engasjerande måte.


Bouchra

Regi: Orian Yani Barki, Meriem Bennani
Land: Italia, Marokko
Lengde: 83 min

Dette var ein av dei einaste animerte spelefilmane på programmet, og han er ulik noko anna eg har sett. I ei verd der alle har dyrehovud, skal Bouchra lage ein film om livet sitt. Dialogen i filmen er basert på og framført av vener av skaparen, noko som viskar ut grensene mellom kva som er sant og ikkje. Det er ein estetisk spennande film som kan vere litt vanskeleg å henge med på, men til sjuande og sist handlar det om ein lesbisk filmskapar som prøvar å reparere forholdet til mor si.