«Behald kongehuset!»
Det handlar om å ta vare på ein institusjon som bidreg til stabilitet, fellesskap og kontinuitet i ei verd i rask endring, skriv Kine Dannevig i Unge Høgre.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Unge Venstres Hedda Sofie Riddervold meiner vi skal avskaffe monarkiet. Dette meiner eg er å gjere oss sjølve ei bjørneteneste.
Eg har respekt og forståing for dei som ønskjer å utfordra monarkiet i demokratiets namn. Likevel meiner eg at kongehuset framleis har ein viktig plass i det norske samfunnet, ikkje som ein motsetnad til demokratiet, men som ein bonus til det.
Eit samlande og upolitisk symbol
Det norske monarkiet er meir enn ei styreform. Det er ein del av Noregs historie, kultur og identitet. Når vi i dag har eit konstitusjonelt monarki, betyr det ikkje at makta ligg hos éin familie, men at vi har eit folkestyre der kongen fungerer som eit samlande og upolitisk symbol for heile nasjonen.
I ei tid prega av aukande konfliktnivå, er nettopp denne rolla viktigare enn nokon gong. Kongen representerer ikkje eit parti, ein ideologi eller eit politisk standpunkt. Han representerer Noreg. Det gir befolkninga eit felles samlingspunkt på tvers av politiske, sosiale og kulturelle skiljelinjer.
Monarkiet har og stor verdi i møte med omverda. Gjennom statsbesøk, offisielle reiser og diplomatiske møte bidreg kongehuset til å styrkja Noregs internasjonale relasjonar. Så lenge kongen er politisk uavhengig, ser eg ingen problem.
Trugar ikkje demokratiet
Når det gjeld argumentet om arv, er det viktig å hugsa at rolla til kongen i dag er sterkt avgrensa av Grunnlova og det demokratiske systemet. Den reelle makta ligg hos folkevalde organ. Monarkiet trugar difor ikkje demokratiet, men eksisterer innanfor rammene deira.
Kostnader og pengebruk er spørsmål i kvart offentleg system. Samstundes må vi og sjå på kva vi får igjen: eit stabilt statsoverhovud, ein sterk nasjonal symbolverdi og eit effektivt diplomatisk verktøy. For mange nordmenn er dette verdiar som ikkje utan vidare kan målast i kroner.
Meir enn tradisjon
For meg handlar ikkje dette om å halda fast ved tradisjonar for tradisjonane si skuld. Det handlar om å ta vare på ein institusjon som bidreg til stabilitet, fellesskap og kontinuitet i ei verd i rask endring.
Difor meiner eg at monarkiet framleis har ein naturleg og viktig plass i det moderne Noreg, som ein del av identiteten vår, som ei bru til omverda og som ei samlande kraft for folket.






