Kuttar hankjønn frå språket

Kvinnegruppa Ottar Grepstad skal kjempa mot patriarkatet samstundes som dei sikrar nynorsk i arbeidslivet.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nynorskbrukarar møter den same undertrykkinga i arbeidslivet som mange kvinner har måtte slita med i mange år, seier påtroppande leiar Synnøve Marie Sætre.

Saman med nestleiar Kristofer Olai Ravn Stavseng har ho no starta førebuingane til Målungdommen sin neste kampanje – Kvinnegruppa Ottar Grepstad.

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine

– Nok er nok!
Det har berre gått nokre få veker sidan Sætre fekk tillit som leiar av Norsk Målungdom, og Stavseng vart attvalt som nestleiar. I eit intervju med Framtida etter valet sa Sætre at det ikkje ville komma nokon politisk revolusjon – men den nye kampanjen kan tyda på at det i alle fall skal brukast sterkare verkemiddel i tida som kjem.

– Det me vil ha er jo eigentleg ingen revolusjon, men det som er rett og rimeleg, seier Sætre.

Den nyskipa Kvinnegruppa Ottar Grepstad let seg inspirera av namnesøster Kvinnegruppa Ottar, og skal jobba hardt for at nynorskbrukarar sine rettar skal bli tatt på alvor, og vil bli vanskelege å stoppa i kampen om likestilling i arbeidslivet, om me skal tru på grunnleggjarane, som truar med både sveltestreik og lenker framfor Stortinget.

– Nok er nok! Noko må gjerast. Det vil bli represaliar om me ikkje får innført desse grunnleggande rettane for alle nynorskbrukarar, seier Sætre.

Ut med "han"
Kvinnegruppa Ottar Grepstad er framleis nyskipa, og i desse dagar spikrar dei på plass klare mål for kampanjen sin.

Ein fløy vil ta alt kjønn frå språket. I staden for «ho» og «han» skal alle substantiv bøyast i inkjekjønn – med pronomenet «hen». Det har fleire fordelar, meiner Synnøve Marie Sætre.

– Dette vil gjera det mykje enklare for bergensarar å gå over til nynorsk. I dag er det mange av dei som slit med hokjønn, seier Sætre, som meiner dette er starten på slutten for det patriarkalske språket.

Eit anna forslag som blir fremja er bokmålsperm for alle nynorskbrukarar. Dette skal gagna skuleelevar og studentar mest.

– Me må legga opp samfunnet på ein slik måte at det kan gjennomførast 8 veker med bokmålsperm etter at nynorskelevane har levert oppgåver på bokmål. Tida etter ei slik påkjenning må brukast for å knyta band med andre nynorskbrukarar, seier Kristofer Olai Ravn Stavseng, som ikkje vil gå nærare inn på om ei slik perm-ordning skal verta gjeldande for begge målformer.

KvinnegruppaOttarGrepstad3

I tillegg til å laga banner, jobbar Målungdommen med å få den fysiske forma på plass før Kvinnegruppa Ottar Grepstad blir sluppe laus. Kvifor fysikken er viktig, vil ikkje Målungdommen røpa. Foto: Anders Veberg

LES OGSÅ: Vil du ha hen?

Kvinnelege førebilete
Blant krava til Kvinnegruppa Ottar Grepstad er kvotering av nynorskbrukarar i alle styrer, skattelette for nynorskbrukarar og lønnstillegg for nynorskbrukarar i Staten som må dra lasset for bokmålsbrukarane. Som namnet tilseier, skal dei kvinnelege nynorskbrukarane si sak kjempast.

– Me krev ekstra studiepoeng til jenter som er nynorskbrukarar, for å skapa fleire gode kvinnelege førebilete for kvinner, seier Ravn Stavseng.

I den samanhengen trekk dei også fram fleire kvinnelege nynorskførebilete frå historia. Mellom anna skal dei børsta støv av historia om Berte Paulsdotter Vike, ungdomskjærasten til Ivar Asen, og Hulda Garborg, kona til Arne Garborg.

– Det er ikkje berre Ivar som gjorde nynorsken til det den er. Det hadde nok ikkje blitt rare greiene av det utan Berte, seier Stavseng om kvinna som var Ivar Aasen sin store kjærleik.

Test deg sjølv – kva kan du om Ivar Aasen?

Hard førebuing
I hovudkvarteret til Norsk Målungdom blir det jobba ivrig med banner og andre verkemiddel før Kvinnegruppa Ottar Grepstad slår ut i full blom. Med ein pensel kvar gjer dei to Målungdom-leiarane seg klare til kamp.

– Det er mykje som må gjerast, seier Sætre.

– I tillegg til å laga banner må me trykka opp t-skjorter, laga pins og flygeblad. Dessutan må jo den fysiske forma toppast før me går ut i kamp, legg ho til, og peikar mot påmeldingsskjemaet for Holmenkoll-stafetten som heng på veggen.

– Kva har fysikken med denne kampanjen å gjera?

– Vent og sjå, svarar Sætre utan å utdjupa, og konsentrerer seg om raudfargen som spreier seg utover det kvite banneret.

LES OGSÅ: Må grava opp Ivar Aasen