Prøv deg på grautmålet

Det er ikkje uvanleg at sognemålet blir trekt fram når dei flottaste dialektane i landet skal kårast. Men forstår du kva ein sogning seier når han river i dei tyngste dialektorda?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tvåga, fjedl, baot, budleraiggen, haonkalausst. Hina deg, det kan vera vanskeleg å henga med i svingane når ein sogning set i gang. Han lirer av seg eit breitt utval gloser med liberal vokalbruk og det som ser ut til å vera for mange konsonantar krølla saman i ein klump på slutten – likevel blir sognemålet gong på gong trekt fram som ein av dei finaste dialektane i landet.

Test kor godt du forstår sognemålet her!

Mellom 2006 og 2008 samla NRK Sogn og Fjordane, med Arve Uglum i spissen, inn dialektord frå heile fylket, for å hylla dei ulike dialektane som florerer i fjordfylket. I 2010 gjekk Uglum saman med språkforskar og sogning Øystein A. Vangsnes og samla ein del av desse orda mellom to permar.

– Frå tid til annan høyrer eg folk som seier dei har vanskar med sognemål, men det allmenne inntrykket er at målet ikkje toppar statistikken når folk blir spurde om kva for dialektar som er vanskelegast å skjønna, seier Vangsnes om sognedialekten.

Han påpeiker også at det er to variantar av sognemålet, delt mellom Indre og Ytre Sogn.

– Nokre viktige målmerke skil dei to. I Ytre Sogn har ein e-mål, slik som lenger nord på Vestlandet – å kaste, vere og ei jente. Indre Sogn har a-mål, slik som lenger sør – å kasta, vera, jenta. Tradisjonelt går skiljet mellom Balestrand og Høyanger, forklarar Vangsnes som døme.

Men dei to variantane har også ein del til felles – mellom anna lyden som kanskje skil seg mest ut med sognemålet.

– Det dei begge har til felles er ao-lyden, som i baot. Eit anna trekk er at dobbel L blir til dl, ein seier fjedl og badl.

LES OGSÅ: Dette er Noregs mest sexy dialekt

– I vår tid har autentisitet særleg stor verdi, seier Vangsnes når han skal spekulera i kvifor sognemålet ofte blir så godt likt.

– Matprodusentar marknadsfører seg med at dei har ein lang historie og gjerne at dei er knytte til ein bestemt stad der produksjonen føregår. I landet vårt, der dialektar i utgangspunktet har ganske høg status, trur eg sognemålet blir oppfatta som ein særleg tydeleg representant for det autentiske bygde-Noreg og Vestlandet, held Vangsnes fram, og legg til:

– Kanskje skil han seg også akkurat nok frå normalisert nynorsk til at folk høyrer at det er ein dialekt og ikkje berre ei form for talt nynorsk.

LES OGSÅ: Slagferdig strilemål