Eventyrar Karen (22) tok med prisar frå tre ulike utdelingar på éin dag

Karen Kyllesø (22) vann «Årets villmarking», «Årets eventyrer» og «Årets influenser, reise og friluftsliv» for sin Sydpolen-rekord.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det var heilt overveldande å vinna alle tre prisane, noko eg aldri i mitt liv hadde sett for meg, seier eventyrar Karen Kyllesø (22) til lokalavisa Strandbuen.

Den unge eventyraren frå Hjelmeland i Rogaland vart i fjor den yngste personen som har gått åleine til Sydpolen, ei ferd ho brukte 54 dagar på og har give ut bok om på Samlaget.

Ho har allereie mange år bak seg som eventyrar og polfarar og vart den yngste kvinna som har kryssa Grønland på ski allereie i ein alder av 14 år.

Eventyrprisar

I helga vart Karen Kyllesø kåra til «Årets villmarking» under friluftsmessa Camp villmark.

– Ekspedisjonen til Sydpolen er eit tydeleg døme på kva målretta arbeid, disiplin og vilje kan føra til. Dette er ein prestasjon som går langt utover det spektakulære, og ho er ein stor inspirasjon for oss alle, seier juryleiar og prosjektleiar for Camp Villmark Per Anders Iversen på deira eigne nettsider.

Same kveld deltok ho på arrangementet Eventyraften i Oslo, der ho fekk prisen «Årets eventyrer» i eit variert og sterkt nominasjonsfelt.

Påverkarpris

Etter Eventyraften fortel Kyllesø til Strandbuen at ho måtte byte frå jeans til kjole for å delta på Vixen Awards, som feirar dei største påverkarane i sosiale medium. Her fekk Kyllesø med seg prisen for «Årets influenser, reise og friluftsliv».

22-åringen hadde eit stort håp om å vinna dei andre prisane, som ho har følgt med på i lengre tid, men set òg pris på Vixen-prisen.

– Utruleg stas å få denne typen anerkjenning i dette miljøet òg, seier ho til Strandbuen.

Inspirasjon

Framtida.no intervjua Kyllesø i fjor sa ho at ho ikkje håpa ho inspirerer mange til å gå til Sydpolen.

–  Det er ikkje noko alle skal halde på med. Men eg har lyst til å inspirere mange, særleg unge, til å sjå at det går an å tenke annleis. Gjere andre ting, ikkje berre følge i andre sine spor.

Ho bidreg allereie med å inspirera andre, og det lokale turlaget hennar lanserte før jul Karen-fondet, der unge under 25 år i Stavanger-området kan søkja om midlar til turdraumen sin.