«Vi gløymer deg aldri, Benjamin Hermansen»
– Vi har ingen fleire liv å miste til hat og mørke, skriv Nora Jæger Thorland.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Vi gløymer deg aldri, Benjamin Hermansen.
I dag er det 25 år sidan Benjamin Hermansen vart knivstukken og drepen av norske nynazistar. Benjamin var berre 15 år gammal då han mista livet berre på grunn av fargen på huda hans. Mennene som frårøva han livet handla ut ifrå ein ideologi bygd på hat og framandfrykt.
Vi skal ikkje berre hugse Benjamin. Vi skal kjempe for han. I dag skal vi ikkje berre vere triste. Vi skal vere sinte.
Vi må vakne
Ideologien som for 25 år sidan tok livet av Benjamin lever enda sterkt. Seinast i fjor vart Tamima Nibras Juhar drepen på jobben av ein tenåring som ifølgje politiet var motivert av høgreekstreme haldningar. I TikTok-kommentarfelt kan ein i dag lese kommentarar djupt prega av rasisme, skrivne av barn heilt ned i 12-årsalderen.
Når tankesett om at nokre menneske er verdt mindre enn andre er normalisert til og med hos barna våre, så må vi som samfunn vakne.
Trugar du éin av oss, så trugar du alle
«Først tok de kommunistene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke kommunist.
Så tok de sosialdemokratene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke sosialdemokrat.
Deretter tok de fagforeningsfolkene
men jeg brydde meg ikke
for jeg var ikke fagforeningsmann.
Til slutt tok de meg. Men da var det ingen igjen til å bry seg.»
Dette diktet heiter «Likegyldighet» og er skrive av Martin Niemöller etter 2. verdenskrig. Orda hans er like relevante i dag som dei var då dei vart skrivne. Dei fortel oss at sjølv om vi ikkje vert direkte truga av høgreekstremismen, skal vi ikkje vere stille.
Når hat består urørt, veks det. Derfor er det så viktig at vi aldri er stille. I møte med urett skal vi vere heilt tydelege. Ingenting skal få truge kjærleiken i samfunnet vårt. Trugar du éin av oss, så trugar du alle.
Hatet skal tape
Det handlar ikkje om å møte hardt med hardt eller hat med hat. Det handlar om å verne verdiane som Noreg er bygd på. Det handlar om å kjempe med ord i staden for våpen. For vi har ingen fleire liv å miste til hat og mørke.
Hatet skal tape. Derfor gir vi ikkje opp. Vi vernar om kvarandre. Vi ropar ut når det er mest komfortabelt å vere stille. Vi hegnar om kjærleiken og varmen.
Viktigast av alt, vi gløymer deg aldri Benjamin.






