Nesten 200 studentar felte for KI-fusk

Talet på studentar som blir tekne for fusk ved hjelp av kunstig intelligens (KI) ved norske universitet, har dobla seg på eitt år.

NPK-NTB
Publisert

I 2025 vart 190 studentar felte for fusk med mistanke om bruk av KI. Det viser tal TV 2 har henta inn frå dei ti største studiestadene i landet. Til samanlikning vart 95 studentar felte for tilsvarande forhold i 2024, ifølgje Khrono.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland reagerer på utviklinga.

– Det er ikkje bra at talet på studentar som felles for KI-fusk aukar. Juks er ikkje lov, og det er viktig at det får konsekvensar, seier Aasland til TV 2.

Ho understrekar at eksamen skal måle den faktiske kunnskapen til studentane, og at tilliten til karakterar og vurderingsordningar er avgjerande.

– Eksamen skal teste kva studentane faktisk kan. Samfunnet må kunne stole på at karakterane speglar kompetansen til studentane, seier ho.

Samtidig peikar statsråden på at dei fleste studentar følgjer reglane.

– Det er viktig å hugse på at det store fleirtalet av studentar ikkje juksar, seier Aasland.

Tala viser at nesten halvparten av alt fusk ved universiteta no skjer ved bruk av KI. Totalt vart 406 studentar felte for fusk ved dei ti største studiestadene i 2025. Av desse gjaldt 190 saker bruk av kunstig intelligens.