Per Sandberg ville rådd seg sjølv til å ta utdanning.

Åshild Slåen
Publisert

– Livet var bekymringslaust i 1980, slår Per Sandberg (65) fast på e-post til Framtida.no.

65-åringen frå Levanger er godt kjent for si tidlegare rolle som frittalande Frp-politikar og statsråd i Solberg-regjeringa. I dag er han medlem av Liberalistene, har flytta til Thailand, og aktuell som deltakar i livsstilsprogrammet 16 ukers helvete.

Han har 20 års fartstid på Stortinget, men då han var 20 år var ikkje Sandberg i nærleiken av å tenke på politikken som yrkesveg. Han hadde allereie arbeidd i fem år, og vart innkalla til fyrstegongstenesta.

– Eg jobba som bildekkbyggjar ved Viking Askim, seinare vart eg tilsett ved Norske Skog på Skogn. Her jobba eg i 15 år før politikken «tok meg».

Bursdag med karsk

Per Sandberg er født og oppvaksen i Trøndelag, og det var godt å kome tilbake til heimplassen i 1980, etter å ha jobba i østfoldskommunen Askim.

Kanskje såg per Sandberg litt slik ut då han jobba ved Viking Askim på sluen av 70-talet. | Foto: Viking Footwear, CC BY-SA 4.0, via Wikimedia Commons
I 1997 kunne den ferske stortingsrepresentanten Per Sandberg posere med CD-ar, då ei undersøking viste at veljarane til Frp kjøpte meir musikk enn andre. | Foto: Knut Fjeldstad / NTB

– Eg flytta tilbake til Levanger etter fem år i «utlendighet».

På denne tida var han fullstendig fan av det danske rockebandet Gasolin’ og Kim Larsen, sidan Elvis hadde gått bort.

Bursdagen vart truleg feira på ekte trøndersk vis.

– Den hugsar eg ikkje, men han vart sannsynlegvis feira heime med karsk og venar.

Norsk tragedie

Sandberg hugsar derimot godt fleire store hendingar frå 1980. Favorittpresidenten Ronald Reagan vart valt i USA, musikklegenda John Lennon vart drepen, og Bjørg Eva Jensen vart olympisk meister på 3000 meter.

I tillegg har han eit tydeleg minne av Alexander Kielland-ulykka.

– Alexander Kielland-ulykka gjorde eit sterkt inntrykk på meg, og står framleis fast som ein tragisk skandale.

Alexander Kielland var ei bustadplattform i eit oljefelt sør i Nordsjøen. I 1980 kantra plattforma, og 123 av dei 212 menneska om bord døydde. Det er framleis den største industrielle ulykka i norsk historie.

Ei verd utan sosiale medium

I tillegg til å spele fotball og å jobbe, var det også ei stor livsendring i horisonten for Sandberg.

– Eg var forlova med danske Ulla, mor til mine to første barn, skriv han.

Den tidlegare politikaren hadde likevel ikkje heilt konkrete framtidsplanar.

– Fokuset var å ha inntekt i nuet, etablere familie og skape økonomisk tryggleik.

Den viktigaste personen i livet var mora, og han var lite bekymra for framtida.

– All negativ påverknad frå medium var fråverande, og sosiale medium eksisterte ikkje, forklarar han.

Stor i kjeften

– Kva ville du tenkt om du no møtte deg sjølv som 20-åring?

– Kven i all verda er denne hissige raudtoppen?? Stor i kjeften og så sta og kontroversiell?

– Kva råd ville du gitt til deg sjølv?

– På tide å ta ei utdanning Per.