Politikk og samfunn

«Tida for dei tusen små kompromissa er over»

Kapitalismen gjer det kapitalismen alltid har gjort: Han klamrar seg til makta, koste kva det koste vil, skriv Kristoffer Andreas Olstad.

Kristoffer Andreas Olstad (19)
Nestleiar i AUF i Telemark
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

USA, under Trump, med Trump, og langt utover Trump, likar å kle seg i språket til fridomen. Men bak språket ligg det same gamle maskineriet av makt, profitt og dominans. Trump er ikkje ein feil ved USA. Han er eit konsentrat. Ein destillasjon av eit system som, når det blir pressa, vel autoritær orden framfor demokratisk kaos.

Når fascismen igjen marsjerer i takt, denne gongen i raud caps, dress og slips, let mange som om det er eit sjokk. Det er det ikkje. Det er kapitalismen som gjer det kapitalismen alltid har gjort: Han klamrar seg til makta, koste kva det koste vil.

Vi ser det igjen

Sosialistar, antikapitalistar og antikoloniale tenkjarar har sagt dette i over hundre år. Dei såg korleis økonomisk makt samlar seg på få hender, korleis demokratiet blir uthola innanfrå, korleis frykt blir politisk drivstoff. Dei forstod at når krisene kjem, så kjem ikkje rettferda av seg sjølv, då kjem reaksjonen, om ingen organiserer motmakt.

Dei såg det under Mussolini i Italia.

Dei såg det under Hitler i Tyskland.

Dei såg det under Franco i Spania.

Vi ser det igjen i dag. Vi ser det når Elon Musk og Wall Street-eliten ikkje berre kjøper aksjar, men kjøper sjølve ryggrada i demokratiet. Dei støttar ikkje Trump trass i den autoritære stilen hans, men på grunn av han. Dei veit at ein sterk mann er det beste forsvaret mot ei organisert arbeidarklasse som krev sin rett.

Og no står vi her.

Med overvaking forkledd som tryggleik.

Med hat forkledd som ytringsfridom.

Med vald forkledd som sjølvforsvar.

Rå imperialisme ute, brutal undertrykking heime

Dette er ei beskriving av eit USA som under Trump seier det høgt, og under andre presidentar gjer det meir stille: Eit system som tener på krig, på splitting, på at menneske blir reduserte til fiendar, tal, tapbare liv.

Dette er rå imperialisme ute, brutal undertrykking heime. Det er amerikanske bomber over Venezuela og Gaza. Det er politistøvlar mot amerikansk asfalt. Det er fascistar i gatene med lova i ryggen.

Då er det ikkje fordi nokon «mista kontrollen».

Det er fordi kontroll er heile poenget.

Kapitalismen toler ikkje demokrati når demokratiet truar profitten. I USA, slik Trump gjer det krystallklart, må demokratiet då knekkjast. Sinne må piskast opp og rettast nedover, mot migrantar, mot minoritetar, mot «woke», mot alt anna enn dei som faktisk kontrollerer landet.

«Anten sosialisme eller barbari», skreiv Rosa Luxemburg under første verdskrigen. Ho skreiv det som ei åtvaring om at dersom ein ikkje løyser dei underliggjande krisene i kapitalismen, vil resultatet bli ein regresjon til autoritære og valdelege samfunnsformer, som fascismen. I USA ser vi det ope.

Naudutgangen

Fascismen er ikkje fienden til kapitalismen.

Det er naudutgangen.

Det er ein naudutgang som leier rett ut i mørket Øverland bad oss vakne opp til:

«Tilgi dem ikke; de vet hva de gjør!

De puster på hatets og ondskapens glør.

De liker å drepe, de frydes ved jammer,

de ønsker å se vår verden i flammer.

De ønsker å drukne oss alle i blod!»

 

Trur du det ikkje? Du veit det jo!

Du veit det når Trump kan rope om kupp og bli løna med makt, når milliardærar kjøper medium og politikk, når fagforeiningar blir knuste i USA mens kapital blir redda. Du veit det når USA og kapitalistane deira ønskjer å eige venezuelansk olje og naturressursar. Når barn døyr i Gaza, mens kommentatorane diskuterer stigninga i våpenaksjane og dei nyaste algoritmevåpena frå Palantir.

Slutt å late som

Så slutt å late som dette er ekstremt.

Det ekstreme er å akseptere det.

Det ekstreme er å sjå fascismen vekse i USA, og ikkje gjere noko med det.

Historia bankar ikkje lenger på døra.

Ho står midt i rommet.

Og vi veit det.

Alle veit det.

Spørsmålet er berre: Kven torer å seie nei før flammane når oss alle?

Det startar ikkje i Det kvite huset, men i vår eiga nekting.

I feigskapen vår. I dobbelmoralen vår, der folkeretten blir bøygd, forklart bort og trampa ned fordi USA er ein «alliert».

Vi veit det når krigsbrotsverk får andre namn.

Når okkupasjon blir kalla tryggleik.

Når folkemord blir geopolitikk.

Om vi ikkje organiserer motmakta no, har dei som eig verda allereie skrive slutten for oss. Ikkje i éi dramatisk handling, men i tusen små kompromiss, der vi valde stille framfor rettferd.

Historia kjem ikkje til å spørje kva vi meinte.

Ho kjem til å spørje kva vi gjorde.

Og den tida er no.