LNU er skeptiske til nasjonalt ungdomsråd: – Feil prioritering

Landsrådet for Norges barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) vil heller kjempe for røysterett for 16-åringar.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

– Å lage ein ny struktur for ungdomsmedverknad krev mykje tid og pengar. Eg er usikker på om det lar seg gjere med det politiske fleirtalet vi har i dag, seier LNU-leiar Jakob Øvensen Aanderaa på telefon til Framtida.no.

Dei siste åra har det vorte arbeidd for å opprette eit nasjonalt ungdomsråd, eit organ på nasjonalt nivå med medlemmer frå heile landet, som får gi innspel i politiske prosessar på statleg nivå.

Alle kommunar og fylke i Noreg er lovpålagde å ha ungdomsråd.

Aanderaa i LNU synest derimot at eit slikt råd på nasjonalt nivå ikkje er ein god idé:

– Vi er veldig for ungdomsmedverknad som er best mogleg og mest mogleg ungdomsstyrt. Med dei løysingane for nasjonalt ungdomsråd som er skisserte, er vi usikre på korleis ein sikrar reell ungdomsrepresentasjon. Særleg med tanke på korleis vi kjenner feltet, og mengda pengar ein er villige til å bruke, seier han.

Trym Mathisen Guldvog er leiar i ungdommens fylkesråd i Østfold. Han er blant dei som har engasjert seg for å få oppretta eit nasjonalt ungdomsråd.

Han meiner mangelen på politisk vilje ikkje er eit godt argument for å la vere å jobbe for å etablere eit nasjonalt ungdomsråd.

– Det hadde vore noko anna om politikarane var aktivt imot det, men det har ikkje vore nokon god prosess på dette tidlegare. Enn så lenge er dette ei lobbysak som vi jobbar med. Eg er litt skuffa over at LNU ikkje vil vere med i den prosessen, seier han.

Nasjonalt ungdomsråd

I 2022 laga Arbeidsgruppa for nasjonalt ungdomsråd (ANU) ein rapport der dei skisserte ulike modellar for eit nasjonalt ungdomsråd.

Gruppa bestod av dåverande og tidlegare leiarar av fylkeskommunale ungdomsråd.

Eitt forslag var å opprette eit ungdomsting med 51 medlemmer, der alle fylka er forholdsmessig representerte, så vel som Elevorganisasjonen, LNU og Sametingets Ungdomspolitiske Utvalg. Representantane vert valde gjennom ungdomskonferansar eller vallister.

Det er føreslått fire møte på Stortinget i året, og ungdomstinget vil handsame saker som vert sende over av departement eller Stortinget, eller saker som representantar tar opp på eige initiativ.

Anna fokus

Aanderaa i LNU meiner ein heller bør arbeide for å styrke dei eksisterande arenaene for ungdomsmedverknad, og for å gi røysterett til 16-åringar.

– Kvifor lage ein parallell struktur når vi kan gi ungdommane makt med ein gong? Å gi røysterett i lokalvalet krev berre ei lovendring. Det kan ein gjere før neste val, seier han.

– Det er betre enn å bruke tid, energi og ressursar på noko som ikkje nødvendigvis vil gi god ungdomsmedverknad, seier han.

Han viser til at dagens landskap med ungdomsorganisasjonar fungerer godt. Organisasjonane er demokratiske og har lokallag.

I tillegg påpeiker han at fleire unge engasjerer seg i det politiske livet, noko som både viser seg i at fleire unge røysta i årets stortingsval, og at fleire unge står på vallister. Han trekker fram Frøya Skjold Sjursæther som i fjor haust vart tidenes yngste stortingsrepresentant.

– Det er superbra at ho sit på Stortinget i staden for å sitte i eit organ der det er usikkert kor mykje påverknad ein får, seier han.

Fryktar sjekkliste-medverknad

Aanderaa fryktar dessutan at opprettinga av eit nasjonalt ungdomsråd kan ta innflytelse vekk frå dei eksisterande ungdomsorganisasjonane.

Dersom politikarane på Stortinget kan «krysse av» at dei har lytta til ungdommen etter at ei sak er handsama i ungdomsrådet, fryktar Aanderaa at dei vert mindre interesserte i å lytte til andre organisasjonar.

– Ting går fort i politikken, og medverknad frå born og unge er krevjande, påpeiker han.

Aanderaa seier at det uansett er viktig at ungdomsmedverknad er styrt av ungdommane sjølve, og at ein har eit mandat som kjem frå ungdommen. Eit eventuelt nasjonalt ungdomsråd må difor ha eit godt mandat som har blitt jobba godt med av dei rette partane, slår han fast.

– Alle ønsker betre og meir ungdomsmedverknad. Det er målet. Så må vi finne ut korleis vi kan nå det.

Viktige erfaringar

Trym Mathisen Guldvog i Østfold slår fast at arbeidet i eit ungdomsråd skil seg frå å engasjere seg i politiske ungdomsparti eller lobbyorganisasjonar.

Medan ein organisasjon som Natur og Ungdom engasjerer seg i spesifikke saker som handlar om natur og klima, er oppgåva til eit ungdomsråd å løfte unges perspektiv i eit breitt utval saker, og ikkje berre å representere dei mest engasjerte ungdommane.

– Mange av innspela frå ungdomsrådet handlar ikkje om nokon politisk agenda, men om erfaringar vi har, svakheiter med systemet, eller korleis unge vert råka av ulike grep. Vi minner politikarane om at dei må tenke på ungdom og påpeiker blindsoner, seier han.

Treng lovfesta plass

Guldvog vedgår at det alltid er ei fare for at politikarane «sjekkar av» for ungdomsmedverknad etter å ha lytta til éi gruppe med ungdommar.

– Det er ein enkel refleks for mange politikarar, fordi dei også jobbar etter sin eigen agenda og politiske program. Då krev det god vilje, god teknikk eller gode strukturar for å komme til orde, slår han fast.

Han meiner eit ungdomsråd nettopp er eit eksempel på ein slik struktur. Å få lovfesta ein plass i prosessen vil vere positivt, meiner han.

– Når vi ikkje har nokon struktur, vert det ikkje kontinuitet i korleis politikarane jobbar med ungdomsmedverknad. Det er viktig å ansvarleggjere politikarane. Det er fullt mogleg å slå fast at ein også må lytte til relevante lobbyorganisasjonar i ein medverknadsprosess, seier Guldvog.

– Politikk vert utforma mellom vala

Guldvog meiner at røysterett for 16-åringar ikkje kan erstatte eller vege opp for eit nasjonalt ungdomsråd.

– Å delta i ungdomsråd eller ungdomsorganisasjonar er noko heilt anna enn å røyste. Politikk vert i stor grad utforma mellom vala, slår han fast.


Eusebiu Amanalachioai på landsmøtet til AUF i 2020. Foto: Privat