– Ta grep mot mobbing

Ta grep no! Det er bodskapen frå eit utval som har gjeve kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen deira oppskrift på korleis mobbeproblemet kan kjempast ned.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ta grep no!

– Mykje kan løysast på di vakt, understreka Øystein Djupedal, som onsdag overleverte ein rapport om mobbeproblemet til Isaksen.

– Du kan bli den statsråden som løftar det psykososiale skulemiljøet og viser handlekraft, sa Djupedal til statsråden som tok imot rapporten på Haugerud skole, der han sat på første rekkje.

– Det hastar, understrekar påtroppande leiar i Elevorganisasjonen, Kristoffer Hansen.

– Det tek for lang tid når elevane klagar, og når du får medhald så skjer det faktisk ingenting. Det er for dårleg oppfølging av elevane som faktisk blir mobba.

LES OGSÅ: – Elevar må ha minst like godt rettsvern som arbeidstakarar

Inga stortingsmelding
Torbjørn Røe Isaksen lovar å unngå stortingsmelding.

– Då ville vi bruke veldig lang tid. Vi må gjere ei grundig vurdering og så levere gjennom budsjettproposisjonar og lovendringar som blir lagt fram for Stortinget, seier Isaksen.

Djupedal sjølv meiner utvalsrapporten på over 400 sider langt på veg gir ein mal for korleis mobbing skal bli forhindra og handtert.

– Vi håper oppfølginga vil vise at dei verkemidla vi viser til vil vere gode verktøy for skulen, seier Djupedal til NTB.

Rapporten er proppfull av tiltak basert på forsking og erfaringar med kva som faktisk fungerer.

Liste
Utvalet har laga ei liste over sju av dei viktigaste tiltaka – i prioritert rekkefølgje Viktigast er ei statleg satsing for å auke kunnskapen om korleis ein skal forhindre og avdekkje mobbing i skulen. Satsinga går over åtte år og vil kosta 170 millionar kroner å gjennomføre.

– Eg håper statsråden brukar dei pengane som er naudsynt til å byggje kompetanse i skulen. Det er viktig, meiner Djupedal.

LES OGSÅ: Ønskjer satsing på skulehelsetenesta

Plikt til å handle
Skulane og kommunane får også plikt til å gjere noko når det blir meldt om mobbing, dersom forslaget til utvalet blir sett ut i livet. Opplevinga til barna skal leggjast til grunn, dei vaksne skal ikkje kunne «overprøve» barn som melder frå om at dei blir plaga.

Djupedal håper også å bli høyrt med forslaget om å gjere Barneombodet til klageinstans, med myndigheit til å påleggje kommunar som sviktar, bøter.

– Og så håper eg regjeringa gir fleire stillingar til skulehelsetenesta og PP-tenesta.

Vurderer bøter

Røe Isaksen vil ikkje forskotere statsbudsjettet som kjem i haust, men gjer det klart at satsing på skulehelsetenesta er viktig. Når det gjeld dei andre forslaga, lovar han ei grundig vurdering.

– Eg er villig til å vurdere om vi treng sanksjonar dersom systemet sviktar, seier Isaksen til NTB.

Til forslaget om Barneombodet som klageinstans, peikar statsråden på at det allereie finst ei klageordning gjennom fylkesmennene. Det vil koste tid og ressursar å byggje opp ein ny instans hos Barneombodet, meiner han, men legg til at systemet uansett må betrast.

Barneombod Anne Lindboe forsikrar at hennar kontor er villig til å ta på seg oppgåve.

– Vi har allereie 400 spørsmål frå barn og unge kvart år og har mykje kompetanse på kontoret, seier Lindboe, som ønskjer seg juridiske musklar.

– Det må vere nokre verkemiddel som tvingar gjennom at desse sakene får ei rask løysing, seier ho til NTB. (©NPK)

LES OGSÅ: Denne filmen fekk læraren til å grina