«Norsk mat blir utruleg nok ikkje berre produsert i desember»
Norsk landbruk handlar ikkje berre om fest og tradisjon, men om beredskap, sjølvforsyning og berekraft, skriv Linnea Mølslet (18) i Senterungdommen.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Innlegget er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Når desember kjem, blir butikkhyllene fylte av norske råvarer, reklameplakatane hyllar tradisjonane, og me nordmenn samlar oss rundt ribba.
Norsk julemat smakar ikkje berre godt, det er historie, handverk og identitet.
Ribba er eit eksemplarisk døme, resultatet av norsk landbruk og den norske bonden, med kunnskapar som har gått i generasjonar.
Likevel er det noko paradoksalt ved akkurat dette. For medan den norske bonden blir hylla og løfta fram i adventstida, forsvinn merksemda raskt når høgtida er over.
Meir enn desember
Resten av året druknar rolla til bonden i ein kvardag prega av låg forteneste, aukande kostnadar og beinhard konkurranse frå importerte varer. Det er synd, for norsk mat blir utruleg nok ikkje berre produsert i desember.

Betydninga til bonden er den same i juli som i desember

Høgtider som jula skaper eit naturleg fokus på norsk mat og norsk landbruk, det er positivt. Me blir minte på verdien av kortreiste råvarer, dyrevelferd, mattryggleik og eit levande Distrikts-Noreg med bygdene våre. Men betydninga til bonden er den same i juli som i desember. Mjølkekyr må mjølkast, jorde blir stelte, dyr blir fôra og jorda forvalta, kvar einaste dag, 365 dagar i året.
Når me først skal verdsetja ribba 24. desember, burde me også verdsetja innsatsen bak koteletten på ein tilfeldig tysdag i februar.
Verdiar
Norsk landbruk handlar ikkje berre om fest og tradisjon, men om beredskap, sjølvforsyning og berekraft. I ei uroleg verd er det ein styrke at me kan produsera mat i eige land, som er tilpassa eigne forhold.
Det handlar ikkje om symbolikk at me skal verdsetja og setja fokus på bonden heile året.

Det handlar om val me tek

Det handlar om val me tek når me står i butikken, om politiske prioriteringar, og om kva matproduksjon me ønskjer oss i framtida. Ønskjer me å ha eit landbruk som gir trygg mat, arbeidsplassar og eit levande Distrikts-Noreg? Ja, då må me byrja å verdsetja dei som er med å danna dette, kvar einaste dag.
Norsk ribbe
Sjølvsagt skal me feira ribba, pinnekjøtet og pølsa i jula. Men la oss samtidig ta i bruk resten av året på å visa den same respekten for bonden som står bak.
Norsk mat er ikkje sesongbasert i betydninga si. Han er ein del av grunnmuren i samfunnet, kvar einaste dag.
Ribba er norsk, bonden fortener meir enn julefokus.






