Hamid (18) kom til Noreg for fire år sidan – no rappar han på norsk
Frå einsleg mindreårig, til eigen singel på norsk: Vegen til integrering gjekk gjennom frivillegheita for Hamid Moradi.
– Eg hadde ingenting å gjere, eg kjente ingen i Bergen, og eg budde på ein barnevernsinstitusjon med broren min, som var to år eldre.
Det seier Hamed Moradi (18) når Framtida.no møter han i Oslo. I 2021 kom han til Noreg som mindreårig flyktning saman med broren sin. Familien er opphavleg frå Afghanistan, men han er fødd og oppvaksen i Iran.
Morsmålet hans er dari, eit persisk språk som blir brukt i Afghanistan. Det er eit stykke frå bergensk, som var det han skulle prøve å forstå i starten av 2022, då han flytta til byen.
Ein dritbra start
Å bu på ein barnevernsinstitusjon når du er 14 år og ikkje kjenner nokon i nærmiljøet, er ikkje enkelt.
– Det var skule, heim, ete middag, vente til kvelden, sove, skule, heim. Det var berre det, skildrar Moradi.
Med andre ord, ikkje veldig artige dagar for ein 14-åring. Samstundes hadde han éin hobby han likte: rapping og låtskriving.
Det la ei av dei tilsette ved bustaden merke til, og ho melde han på eit låtskrivarkurs gjennom Springbrett for ungdom, sjølv etter han hadde sagt nei.
– Eg kunne ikkje snakke norsk då eg kom til Bergen, så eg syntest ikkje det var så lurt, seier han på norsk, med skarre-r på plass.
Likevel, då meldinga kom om at han var påmeldt til kurset, gjekk han dit.
Den første låta vart på dari, og då han spelte inn dei første barsa i studio, gav produsenten ei litt tvitydig tilbakemelding. Moradi var dritbra!
– Hæ, kva var det han sa? Sa han at eg var drit, eller sa han at eg var bra?
Musikkspråking
I dag kan han le av hendinga, men han innrømmer at den første delen av dagen var veldig skremmande. Det hjelpte at låtskrivarkurset var heilt annleis frå det han hadde sett for seg, med lite skuleundervisning og meir tid med faktiske artistar, som dePresno, som kom inn og lærte dei opp.
Etter litt var han komfortabel med dei fleste, og han kunne utforske sin eigen musikkidentitet.
– Viss du høyrer låtane mine, så er det litt på bergensk, litt på kebabnorsk, litt på persisk, litt på arabisk, små ord som alle forstår, samstundes som det er kult.
No veit Moradi godt kva dritbra betyr, og under artistnamnet MC SalSal har han sleppt ein eigen singel.
– Eg kan kanskje ikkje vere like flink som dei norske artistane, men eg kan blande språka for å ha min eigen stil, som ikkje så mange har.
Inkluderer andre ungdommar
Dei gode opplevingane han har fått gjennom Springbrett for Ungdom, vil han gjerne at andre skal ha. Det er grunnen til at han både er frivillig der, og med i ungdomsrådet deira. Det set organisasjonen pris på.
– Vi er avhengige av alle frivillige som ønsker å gi noko til samfunnet, og å ha Hamid med i gruppa vår er veldig stort.
Det seier Jovany Nzita frå Springbrett for Ungdom når Framtida.no pratar med han. Saman med Hamid Moradi har dei reist til Oslo for å vere med på utdelinga til Frivillighet Norge, der Moradi er nominert som «Årets nykommar».
Nzita understrekar at Moradi er ein ressurs som hjelper dei å få kontakt med dei andre ungdommane i dag, både språkleg og sosialt.
– Den språklege kunnskapen han har, og måten hans å vere med andre ungdom, det har så mykje å seie for oss, fortel Nzita.
– Du veit at han kan sju språk, skyt ein annan frivillig inn frå sida, og byrjar å ramse opp: Dari, farsi, arabisk, urdu, gresk, norsk og engelsk.
Nzita forklarer at det er enklare å vite kvar skoen trykker for ungdommane dei har kontakt med, når Moradi er med i gruppa, og får tillit som jamaldrande.
– Eg kunne sagt mykje meir positivt, men det blir ei ordbok.
Artist- og psykologdraum
Fleire set pris på innsatsen til Hamid Moradi, for på utdelinga 4. desember, der Framtida.no møter han, stikk han av med prisen «Årets nykommar».
– Frivilligheit for meg er ein måte å bli integrert i samfunnet og få mange andre til å bli integrert, seier han.
Juryen meiner Hamid Moradi er ein rollemodell og inspirasjon for andre unge og skriv at han «har utført sine oppgåver med imponerande innsats og eit stort hjarte».
Moradi er flink til å få med ungdommar på tilbodet til organisasjonen. Det inkluderer hans eigen familie.
I dag bur han nemleg med fleire familiemedlemmar som kom til Noreg for to år sidan.
– Eg tok veslebror min med på aktivitetane med Springbrett for Ungdom den tredje dagen han hadde kome til Noreg. Han kunne ikkje noko norsk, men no lover eg han er mykje betre enn meg.
Draumen er å halde fram å lage musikk, og kanskje få det som ein større karriere. I tillegg har han dei same bekymringane som mange 18-åringar i tredjeklasse.
– Eg har lyst til å studere psykologi, men eg har ikkje gode karakterar, så eg veit ikkje ass. Eg har verkeleg lyst til å studere psykologi, og samstundes jobbe med musikk.
● Les også: Hamid Moradi (18) kåra til «Årets nykommar»











