Hamid Moradi (18) kåra til «Årets nykommar»
Hamid Moradi (18) kom til Noreg som flyktning for fire år sidan. No er han kåra til «Årets nykommar» av Frivillighet Norge.
– Frivilligheit for meg er ein måte å bli integrert i samfunnet og få mange andre til å bli integrert, sa Hamid Moradi til Framtida.no før utdelinga.
18-åringen kjem opphavleg frå Afghanistan, men er fødd og oppvaksen i Iran.
For fire år sidan kom han til Noreg og vart plassert på institusjon. Ein tilsett på institusjonen i Bergen oppdaga at han likte å rappa, og melde han på eit låtskrivarkurs i regi av Springbrett for ungdom.
No brukar Moradi språkkunnskapane og erfaringane sine til å hjelpa andre gjennom den bergensbaserte organisasjonen, som skapar møteplassar for unge i alderen 13-25 år.
– Eg lærer mange ting av å vera frivillig. Det er målet med livet: Læra ting, seier Hamid Moradi i ein video frå Frivillighet Norge.
Prisen «Årets nykommar» vart delt ut under markeringa av Frivillighetens dag i Oslo 4. desember 2025.
Juryen meiner Hamid Moradi er ein rollemodell og inspirasjon for andre unge og skriv at han «har utført sine oppgåver med imponerande innsats og eit stort hjarte».
– Eg har lyst å hjelpa dei som har opplevd det same som meg, forklarar han i videoen.



