Elevundersøkinga: Mobbetala går ned

Færre elevar opplever mobbing i skulen, og fleire er motiverte, viser Elevundersøkinga. Likevel svarer framleis mange at dei opplever mobbing.

NPK-NTB-Anne Hagen-Nielsen
Publisert

Elevundersøkinga viser at mobbetala går ned etter fleire år med oppgang. I tillegg går motivasjonen og trivselen opp.

– Dette er utruleg gode nyheiter. Etter fleire år med aukande mobbetal, ser vi no ein tydeleg nedgang på alle trinn, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) i ei pressemelding frå regjeringa.

Resultata kjem ikkje av seg sjølve, meiner Nordtun.

– Eg vil rosa alle tilsette i skulen som jobbar knallhardt med skulemiljø kvar einaste dag. Samtidig trur eg regjeringa sine tiltak for trygge og gode skulemiljø har hatt effekt, til dømes at mobilen no er ute av klasseromma, seier ho.

Elevundersøkinga er ei årleg obligatorisk spørjeundersøking for elevar på sjuande trinn, tiande trinn og første klasse (vg1) på vidaregåande.

– Urovekkjande

Færre elevar enn i fjor svarer at dei har opplevd mobbing to til tre gonger i månaden eller oftare. Blant elevane på sjuande trinn svarer 11,3 prosent dette, som er ein nedgang på eitt prosentpoeng frå i fjor. Det er likevel eit mykje høgare tal enn i 2018, då 7,1 prosent svarte det same.

Mobbetala på tiande trinn har også gått ned eitt prosentpoeng. 9,6 prosent av elevane i tiande svarer at dei opplever mobbing.

5,5 prosent av elevane i første klasse på vidaregåande svarer at dei opplever mobbing. Det er ein nedgang på 0,8 prosentpoeng frå året før. Talet er likevel 2,2 prosentpoeng høgare enn i 2020, då mobbinga var på det lågaste.

 – Det er framleis altfor mange elevar som svarer at dei blir mobba, og det er djupt urovekkjande. Vi må difor ikkje slå oss til ro med dette, men halda fram med det viktige arbeidet for betre, trygge og gode skulemiljø, seier Nordtun.

Motivasjon og trivsel har gått opp

Motivasjonen og trivselen blant elevane går opp etter mange år med nedgang. Trivselen har gått opp med eitt prosentpoeng frå i fjor.

89 prosent i vg1, 85 prosent på sjuande trinn og 83 prosent på tiande trinn svarer at dei trivst godt.

– Det er svært positivt å sjå at trivselen blant elevane no aukar igjen etter fleire år med svak nedgang. Dette er eit tydeleg signal om at vi er på rett veg. Trivsel er ein føresetnad for både læring og fellesskap, seier Nordtun.

Motivasjonen har gått opp blant elevane på tiande trinn og vg1. Der har motivasjonen gått opp med 3 prosentpoeng for tiande trinn og 2 prosentpoeng for vg1. Men motivasjonen blant sjuandeklassingane har gått ned med eitt prosentpoeng.

Regjeringa vil innføra ny strategi

Regjeringa vil lansera ein heilskapleg strategi for banehage- og skulemiljø. Strategien har som mål å gjera sektoren betre rusta til å skapa trygge, gode og inkluderande miljø for barn i barnehagen og elevar i skulen.

Elevundersøkinga gir lærarar og skuleleiarar informasjon om korleis elevane opplever skulekvardagen. I haust svarte rundt 440.000 elevar på undersøkinga.