«Eg er bonde. Eg håpar eg kan halde fram»
Eg kjenner ein mann som satsa på mjølkeproduksjon. Han kan ikkje slutte utan å bli gjeldsslave for livet, og han taper tusenvis i året på å halde fram. Får de det reknestykket til å gå opp? spør Jonathan Revheim.
Dette innlegget var ein av finalistane i årets talekonkurranse Ta ordet! Innlegget vart først publisert i Bergens Tidende, og er republisert med løyve frå forfattaren.
Bondelivet er herleg. Eg likar å skape liv og å føre det fram.
Å arbeide med naturen og ha ansvar for dyr.
Årets høgdepunkt er å dra på sanking i fjellet og leite etter sauene, for så å gå ned att med dyra og ete ei god suppe saman med alle som var med på sankinga.
Du blir aldri så sliten som etter sauesanking – springe rundt i fjellet og jage på sau, for så å drive nedover for å få dei heim, og så sende dei i frysedisken dykkar.
Bonderomantikken blomstrar.
Gjer han?

Reknestykket som ikkje går opp
Bønder er dei viktigaste folka me har – utan bønder har ingen mat. MEN DET ER J*** VANSKELEG Å VERE BONDE I DAG.
Har de nokon gong lurt på kva me tener? Gjennomsnittleg inntekt for ein bonde i 2023 var om lag 250.000 kroner i året.
I gjennomsnitt har ein bonde rundt 2,7 millionar kroner i gjeld.
Eg kjenner ein mann som satsa på mjølkeproduksjon. Han kan ikkje slutte utan å bli gjeldsslave for livet, og han taper tusenvis i året på å halde fram.
Får de det reknestykket til å gå opp? Eg slit i alle fall med det.
Ikkje berre er det lite pengar i det – det er heller ikkje nok timar i døgnet. Ein av dei lengste dagane eg har hatt, var på 26 timar. Åtte av desse timane var betalte. Resten var dugnad – for kven? For dykk.
Eit enkelt bidrag
Ifølgje Statistisk sentralbyrå er det berre 18 prosent av bøndene som jobbar fulltid.
Dei klarer så vidt å leve av å vere bonde.
82 prosent er deltidsbønder – dei har jobb i tillegg til å vere bonde.
Me deltidsbønder pleier å seie at me driv gard på hobbybasis. J*** dyr hobby …
Det enklaste du kan gjere for å støtte norsk landbruk er å kjøpe norske produkt.
Det er ikkje verre.
Ja, den importerte indrefileten frå Brasil er billegare, men det kan koste meir enn det smakar i ei framtid der Noreg ikkje produserer mat sjølv.
Du går inn på butikken og skal handle inn til laurdagsmiddagen – men denne gongen finn du ikkje ingrediensane dine. Det er tomt. Importen har stoppa. Me må klare oss sjølve.
Men i dag produserer Noreg berre 45 prosent av maten sin sjølv. Over halvparten av maten forsvinn, men han skal mette det same talet?
Eg er bonde. Eg vil vere bonde. Men bondelivet er tungt, og bonderomantikken er ikkje til stades.
Så kva får me ut av det? Svaret er gleda over arbeidet.
Eg er bonde. Eg håpar eg kan halde fram.







