Klima og miljø

«Kvifor skal vi straffast for å velje elbil?»

Viss målet er at fleire skal bruke buss eller sykle, så må tilbodet bli betre, ikkje dyrare, skriv Mathias Heian Ræmisch i FpU.

Mathias Heian Ræmisch (18)
FpU-representant i styret til Bergen FrP
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg skjønar ærleg talt ikkje kvifor nokon meiner at løysinga på alt er å gjere bilbruk dyrare. I eit innlegg i Bergens Tidende blir det applaudert for høgare bompengar for elbilar, men kven er det eigentleg som blir råka? Jo, heilt vanlege folk som berre prøver å få kvardagen til å henge saman.

Gjentaking av dieselskandalen

Folk kjøpte elbil fordi politikarane sa det var det rette valet. No snur dei og gjer det dyrt.

Det kjennest som ei dårleg gjentaking av dieselskandalen, der folk først blei oppmoda til å kjøpe diesel, og så blei dei straffa for det. Det er slike ting som gjer at folk mistar tilliten.

Det verkar òg som om enkelte trur at alle berre kan ta buss eller sykle utan vidare. Det går ikkje. Folk har jobb, skule, trening og familie. Det finst stader i Bergen der kollektivtilbodet ikkje dekkjer behova i det heile tatt. Bilen er ikkje luksus, han er nødvendig.

Tilbodet må bli betre, ikkje dyrare

FrP er tydelege på at dei ikkje støttar høgare bompengar, og at vegar ikkje skal finansierast med bompengar i utgangspunktet. Eg er faktisk glad for at dei seier ifrå. Hadde auken kome tidlegare, ville bergensarar allereie ha betalt mange tusen kroner ekstra. Dei pengane betyr noko for familiar som prøver å halde hovudet over vatnet i dyrtid.

Viss målet er at fleire skal bruke buss eller sykle, så må tilbodet bli betre, ikkje dyrare. Det nyttar ikkje å gjere livet vanskeleg for dei som ikkje har reelle alternativ. Skal Bergen vere ein by der folk har lyst til å bu og jobbe, må politikarane slutte å sjå på bilistane som ei inntektskjelde kvar gong dei treng pengar.

Det går faktisk an å tenkje både miljø og fornuft samstundes. Høgare bompengar gjer ingen av delane.