Fleire unge «festrøyker» – Kreftforeningen skuldar på sosiale medium

Andelen unge i alderen 16–24 år som røyker aukar. Kreftforeningen meiner utviklinga er eit argument for aldersgrenser i sosiale medium.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Kanskje har du sett dei? Lettkledde festjenter som fyrer opp siggen med brat-estetikk. Ein påverkar som har flagga flytting til Sveits, som poserer med sigar på luksusyacht.

Røyking har vorte meir synleg i både samfunnet og på sosiale medium.

– Ufarleggjer

– Det som bekymrar oss er jo at me veit at barn og unge i aukande grad ser både artistar, skodespelarar og influensarar som røyker på TV og i sosiale medium.

Det seier seksjonsleiar for førebygging i Kreftforeningen, Sara Underland Mjelva, på telefon til Framtida.no.

– Det er med å ufarleggjera og normalisera eit produkt som fører til 5000 nye krefttilfelle årleg, så det er klart det er alvorleg, understrekar ho.

Årets influensar 2024

I 2021 kartla Retriever tobakkseksponeringa i sosiale medium på oppdrag for Kreftforeningen. 

Gjennomgangen viste at 29 av 55 påverkarar dei sjekka viste fram tobakk i 120 postar.

Seksjonsleiar for førebygging i Kreftforeningen, Sara Underland Mjelva | Foto: Jorunn Valle Nilsen/Kreftforeningen

Ein av påverkarane som nyleg har lagt ut eit innlegg der ho tek ein røyk i festleg lag er Frida Marie Grande, kjent som @frida.tegner på Instagram.

Ho vart kåra til «Årets influensar» under Vixen Awards i fjor. I år er ho nominert til «Årets influensar helse» under Vixen Awards og har delteke på livsstilsprogrammet 16 ukers helvete bootcamp.

I ein e-post til Framtida.no skriv påverkaren at ho la ut biletet bevisst for å bryta opp innhaldet sitt, som «alltid er veldig politisk korrekt».

– Eg ville visa at eg, til liks med alle andre, ikkje er perfekt og at éi usunn handling ikkje utelukkar ein sunn livsstil. Unge i dag slit seg fullstendig ut fordi dei skal gjera alt «riktig» til ei kvar tid. Dei treng førebilete som bryt opp den perfekte feeden i sosiale medium og viser at dei er heile menneske.

Ho viser til at ho i same post som biletet med sigaretten viser at ho løp 22 kilometer i marka og koste seg med det dagen etter.

– Om dette skal vera eit godt eksempel på dårleg påverknad, så står eg veldig godt i det, skriv ho, og understrekar:

– Eg er 100 prosent sikker på at eg har fått mange fleire nordmenn til å ta positive grep for helsa si enn antalet eg har påverka til å røyka.

@wolfgangweeRØYKING – ep381: Danby Choi♬ original sound – Wolfgang Wee Uncut

Nye former for marknadsføring

Retriver fann vidare tjue TikTok-kontoar som i hovudsak fronta tobakksprodukt.

– No er det jo føreslått ei aldersgrense på 15 år i sosiale medium og det er mange gode argument der, men det er klart at òg for å avgrensa eksponeringa for tobakk og andre helseskadelege produkt, så tenkjer me at det er fornuftig med ei 15-års aldersgrense i sosiale medium, seier Mjelva i Kreftforeningen.

Ho viser til at Noreg var tidleg ute med eit reklameforbod mot tobakk, som kom allereie i 1975, men at reklame og marknadsføring fungerer heilt annleis i 2025.

– Det er ikkje lenger store posterar og avisoppslag og plakatar som er hovuddelen av marknadsføringa. Det skjer på digitale flater og det skjer kanskje enno meir indirekte. Det gjer nok òg at gråsonene mellom kva som er reklame og marknadsføring, og kva som ikkje er det, er blitt sterkare og vanskelegare å sjå, seier ho.

Dette biletet frå 1938 viser ei gruppe kvinner som reklamerer for sigarettmerket Frisco. Foto: Nasjonalbiblioteket

Fleire røyker av og til

Mjelva peiker på at det er mange år sidan dei store antitobakkskampanjane og trur me har lent oss for mykje tilbake og tenkt at jobben er gjort.

Talet på personar som røyker dagleg har nemleg minka jamt og trutt, men dei siste tala frå SSB viser at på eitt år har talet på personar i aldersgruppa 16–24 år som røyker auka frå 19 prosent til 22 prosent. Auken er størst blant kvinner og dei som røyker av og til.

Mjelva trur at mange unge ikkje er klar over at òg festrøyking gjev ein høgare kreftrisiko.

– Veldig mange unge trur at festrøyking eller det å berre røyke litt gjennom veka er ufarleg, men det er det jo diverre ikkje. Det finst inga nedre grense på kva som er skadeleg røyking.

Døma på røyking på film, TV og i sosiale medium er mange. Under P3 Gull kunne ein sjå den norske rapartisten SA_G få ein sigarett tent på scenen til jubel frå publikum. Video og bilete av augeblinken vart delt på NRK P3 sin Instagram-profil.

Det har ikkje lukkast Framtida.no å koma i kontakt med Gunnild Roel Jønnum, som står bak artisten SA_G, men du kan lesa svaret frå NRK P3 lenger nede i saka.

NRK avviser røykebølgje

Mjelva er uroa for at den totale eksponeringa av mange små postar, TV-seriar og filmar kan gje eit inntrykk av at røyking er normalt, kult og ufarleg.

– Den totale eksponeringa av røyking som ein får både via TV-seriar og film og sosiale medium i kombinasjon med at me nok har vore for dårlege på å snakka om helserisikoen det inneber, kan nok bidra til å ha gjort at fleire unge testar røyking, seier ho.

Daniel Ramberg, porteføljeleiar for populærmusikk i NRK, forstår Kreftforeningen si bekymring.

– Eg trur samtidig at unge vaksne forstår at dette er eit koreografert og iscenesett show, og at P3 Gull verken skildrar verkelegheita eller skal takast til inntekt for helsemessige eller moralske val i kvardagen, skriv han i ein e-post via presseavdelinga til NRK.

Han opplever at kanalen tenkjer godt gjennom slik eksponering av røyk og har gode diskusjonar om det.

– Eg trur dette er den første sigaretten som har blitt tent i P3 Gulls historie, og kan heller ikkje hugsa andre P3-relaterte sigarettar dei siste åra. Her vurderte me det til at det hadde relevans med tanke på Sa_Gs «Vougesigg», og så ser eg ikkje føre meg at dette på nokon som helst måte er starten på ei røykebølgje i NRKs flater, skriv han til Framtida.no.

Daniel Ramberg, porteføljeleiar for populærmusikk i NRK. | Foto: NRK

Totaleksponering

Mjelva i Kreftforeningen fryktar eksponering av røyking i sosiale medium kan bidra til å framstilla røyking som noko «normalt og kult», framfor noko veldig helseskadeleg som forårsakar mange dødsfall årleg.

Ho trur ikkje artistar eller påverkarar i dag ynskjer å bidra til at unge skal byrja å røyka, difor oppmodar ho kanalar, påverkarar og artistar til å tenkja over korleis dei vil formidla røyking til publikum og følgjarane sine.

– Me veit at det er mange unge som ser opp til artistar og influensarar, og veldig mange av dei er veldig unge, understrekar ho.

 

Mottrend

– Influensarane som me ser i sosiale medium, speglar jo samfunnet. Så har dei òg den tilleggseffekten at dei òg kan forsterka han: På godt og vondt.

Det seier Kathinka Sletten, som er kommunikasjonsansvarleg i det frivillige påverkarfellesskapet INSJ. Dei er fronta av mellom anna Gisle Agledahl, Jenny Skavlan og Isabelle Ringnes, og tel i dag 58 medlemmar.

Sletten har òg eit klart inntrykk av at det er meir røyking i sosiale medium og på scenar, frå mellom anna påverkarar og artistar.

– Me har hatt ein trend lenge, etter at røykelova kom, der det ikkje var kult med røyking. Røyking var litt sett ned på og ikkje så kult, blant dei unge. No har dei som ikkje synest at røyking er kult byrja å bli eldre, og då kjem det ei mottrend blant dei som er yngre og skal gjera det motsette, forklarar ho på telefon til Framtida.no.

Kathinka Sletten er kommunikasjonsansvarleg i det frivillige påverkarinitiativet INSJ og jobbar som fagleiar for sosiale medium organisk i selskapet Synlighet. | Foto: Frode Menes/Synlighet

INSJ: – Ikkje meir ansvar

Ho ser trenden i ein større samanheng med ei større endring i kulturen, der tradisjonelt konservative verdiar er på frammarsj.

– Det synest i klede. Det synest i politikk. Og kanskje òg i røykevanar, meiner ho.

Ho kan forstå uroa til Kreftforeningen, men vil ikkje moralisera over påverkarar som røyker i sosiale medium.

– Eg tenkjer eigentleg at dei har ikkje noko meir ansvar enn oss andre. Dei har blitt populære og fått synlegheit ved å vera den dei er, og det synest eg dei skal fortsetja å vera, så lenge du ikkje frontar farlege verdiar som rasisme, terror og andre ting som verkeleg er skadelege for samfunnet. Sånne uvanar har folk fronta i lange tider. Det har vore populært å røyka tidlegare òg, og det gjekk greitt med samfunnet.