Studiestøtta skal auke automatisk

Norsk studentorganisasjon jublar for at regjeringa skal knyte studiestøtta til grunnbeløpet i folketrygda.

Åshild Slåen
Publisert

– Det er jo heilt fantastisk.

Det seier Sigve Næss Røtvold, leiar i Norsk Studentorganisasjon (NSO) på telefon til Framtida.no.

Arbeidarpartiet har hatt fleire veker der dei har forhandla med samarbeidspartia. I det nyaste forslaget som MDG og SV har gått med på, er dei samde om at regjeringa skal fremje eit forslag neste år om å regulere studiestøtta gjennom grunnbeløpet i folketrygda.

Grunnbeløpet i folketrygda blir ofte berre korta til G. Talet blir prisjustert kvart år, og studentane vil dermed automatisk få oppjustert støtta med lønns- og prisveksten som skjer. I forslaget er det presisert at studiestøtta ikkje kan innebere lågare sats enn det som blir betalt ut i dag.

– Det er jo ein gledas dag for landets studentar at budsjettsemja reflekterer det NSO har vore tydelege på i mange år, at studiestøtta må regulerast med grunnbeløpet i folketrygda.

Blitt kjempa for i mange år

Leiar i Sosialistisk Ungdom, Audun Hammer Hovda, trekker fram endringa i studiestøtte som noko av det han er mest nøgd med i det nye budsjettet.

Audun Hammer Hovda

Audun Hammer Hovda er leiar i SU. Foto: Åshild Slåen

– Det å knyte studiestøtta til G har vore noko vi kjempa for i mange år, som sikrar at studentane får ei føreseieleg inntekt i åra som kjem og ikkje risikerer å falle bakpå prisveksten.

I utgangspunktet vedtok Stortinget i mai at studiestøtta skulle knytast til G. Då det første forslaget til statsbudsjettet vart lagt fram, var det derimot berre føreslått å auke lån og stipend med 2,1 prosent.

– Så dette er ein veldig stor siger for oss, seier Hovda.

Vil halde fram å kjempe

NSO meiner endringa er eit viktig steg i rett retning.

– Studentane har mista kjøpekraft over mange år. Ein rapport viser at studentar mellom 2002 og 2022 mista 20 prosent kjøpekraft. Det er delvis eit resultat fordi studiestøtta ikkje har vore regulert i takt med prisveksten elles i samfunnet, seier Røtvold.

Det tyder ikkje at leiaren seier seg heilt nøgd. NSO sitt mål i fleire år har vore at støtta skal ligge på 1,5 G. I dag ligg grunnbeløpet på litt over 130 000 kroner, så 1,5 G svarar til rundt 195 000 kroner. Basislånet er i dag på 166 000 kroner.

– Vi tek kampen vidare. I dag er ein feiringsdag, og vi skal sørgje for at studiestøtta blir justert på ein god måte. Så må vi også opp til eit anstendig nivå.