Ungdomsfylla er halvert
Unge drikk og røyker mindre enn tidlegare, men stressar meir, seier helsedirektør Bjørn Guldvog.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dei tolv siste åra er ungdomsfylla halvert.
– Det er gledeleg. Ungdom blir mykje mindre fulle enn det dykk var, sa helsedirektør Bjørn Guldvog til dei frammøtte på pressekonferansen då han la fram den årlege statusrapporten for helsesektoren.
– Også når det gjeld røyking, har vi hatt ei kjempegod utvikling. I 2002 røykte 8 prosent av dei under 16 år. I fjor var det 1 prosent, sa han.
LES OGSÅ: Mindre rus, meir stress
Meir aktive ungdommar
Helsestyresmaktene har dei siste åra ropt eit varsku om at barn og unge er altfor stillesitjande. No ser helsedirektøren ei lita betring, i alle fall for gutane.
– Fysisk aktivitet ser ut til å auke for gutar både på sjette, åttande og tiande trinn. Vi ser ikkje den same sterke auken når det gjeld jenter, sa han.
– Likevel er det slik at tre firedelar av barna våre ikkje er så aktive som vi skulle ønske. Dei sit veldig mykje framfor skjermar, er veldig mykje stille, sa han. (©NPK)
LES OGSÅ: – Ungdom fortener betre råd