AUF-leiar nominert til årets beste tale

Gaute Børstad Skjervø sin Utøya-tale er ein av finalistane til den årlege prisen Ta ordet! deler ut.

Åshild Slåen
Publisert

– Vi har svært dyktige taleskrivarar og talarar i dette landet.

Det skriv Jens E. Kjeldsen, professor i retorikk ved Universitet i Bergen, i ei pressemelding til Framtida.no. Han er ein del av juryen til «Årets tale 2025», som organisasjonen Ta Ordet! arrangerer. Årets finalistar gjer han rørt.

– Dette er ord og talekunst som hjelper oss med å finne oss sjølve som nasjon og forsøker å bringe samfunnet vårt vidare mot betre stader.

Dei tre finalistane til «Årets tale 2025» er:

  • Kong Harald for talen «Markering av 80-årsdagen for frigjøringen»
  • Rikke Whelan de Lange for talen «Mitt liv»
  • Gaute Børstad Skjervø for talen «Tale på minnemarkeringen etter 22. juli»

Alle offentlege taler kunne bli nominerte, så lenge dei er frå mellom 1. november 2024 og 1. november 2025.

Skjervø framførte talen sin 22. juli 2025 i regjeringskvartalet i Oslo. «Sorga skulle bli så mykje betre med tida, men ho vart ikkje det. Ho vart kanskje berre litt mindre framand», sa han på 14-årsmarkeringa til åtaket.

Juryen rosar talen blant anna for å ha rom for sorg, men også ei formaning til publikum om å handle, og at terroren blir aktualisert.

Prisen blir delt ut 30. november i Bergen under finalen.


Vil du lese talen?