Politikk og samfunn

«Denne dagen varsla byrjinga på holocaust: eit folkemord som kosta millionar av liv»

Etter krigen sa verda: «Aldri igjen». Men løftet var aldri meint som eit tilbakeblikk, det var meint som eit løfte for framtida, skriv nestleiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

Sarah Taif (19)
2. nestleiar, Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Natta mellom 9. og 10. november 1938 starta nazistane med den offentlege og systematiske forfølginga av jødane.

Meir enn 1400 synagogar, bedehus, forsamlingsstader, fleire tusen butikklokale, private leilegheiter og jødiske gravstader vart raserte i heile Tyskland og Austerrike. Denne dagen varsla byrjinga på holocaust: eit folkemord som kosta millionar av liv.

Etter krigen sa verda: «Aldri igjen». Men løftet var aldri meint som eit tilbakeblikk, det var meint som eit løfte for framtida.

Hatet får fotfeste

Det er lett å sjå novemberpogromen som noko som skjedde ein annan stad, i ei annan tid.

Dessverre ser me at antisemittisme aukar, og at rasismen aukar. Me ser at høgreekstreme grupper byggjer nettverk, og på sosiale medium fløymer det over av rasistiske og hatefulle kommentarar.

Me ser at hatet mot religiøse minoritetar aukar, og at samfunnet blir delt inn i oss og dei. Me ser korleis ein veksande fellesskap av hat og ekstremisme får fotfeste.

Eit løfte som forpliktar

Etter holocaust sa verdssamfunnet «aldri igjen».

Dessverre ser me at rasistisk motiverte drap skjer igjen og igjen. For nokre veker sidan såg me eit knivangrep ved ein synagoge i Manchester der to stykk vart drepe.

Og på Gaza er me no vitne til eit folkemord over 68 000 menneske har vorte drepne, mange av desse er barn. Solidariteten vår er nøydd til å vera grunnmuren i samfunnet. «Aldri igjen» kan ikkje bli eit tomt løfte.

Solidaritet som motstand

Vi minnest novemberpogromen, ikkje berre for å sørgja over det som skjedde, men for å forstå kva som skjer når hat får veksa i stille.

Når me ser hatkriminalitet auka, når moskear og synagogar blir angripne, må me våga å spørja: Kva betyr eigentleg «aldri igjen» i dag? Og kva betyr det for oss? Derfor må «aldri igjen» vera meir enn noko me seier i minnetalar og på merkedagar. Det må vera ei haldning me har med oss i kvardagen. «Aldri igjen,» seier oss noko om kampen som er kjempa, samtidig stiller det tydelege kravet til den kampen me no skal kjempa saman. Det er ei forplikting til å handla.

Ord blir til handling

I Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom står me opp mot alle former for rasisme, hat og undertrykking.

Me er nøydde til å stå i solidaritet med jødar som blir ramma av antisemittisme, som me står i solidaritet med palestinarar som blir ramma av folkemord og okkupasjon. For solidaritet er ikkje nøytralitet. Novemberpogromen er ikkje berre eit mørkt kapittel i historia, men det er ei åtvaring til oss alle. Hat startar sjeldan med bomber, men med ord, med stille og med at nokon sluttar å bry seg. For å halda løftet vårt, må me saman ta kampen mot hatet!