WWF trur på rekordmørk jordtime

Fire veker før Earth Hour, eller jordtimen, strøymer påmeldingane inn til arrangørane i WWF. 

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trur på rekordmørk time

– Vi har ikkje sett større engasjement. Ingen tvil om at 2015 er eit klimaår, seier generalsekretær i WWF Nina Jensen.

For sjuande år på rad inviterer WWF-Norge alle kommunar, bedrifter, skular, barnehager, organisasjonar, ikonbygg – og folk flest i Noreg – til å delta i den største klimakampanjen i verda den siste laurdagen i mars. Under jordtimen slår folk over heile verda av lyset i ein time. I fjor deltok 162 land og meir enn 7.000 byar i kampanjen. Her i landet var 208 kommunar påmelde. Tal frå Statnett viste at over 20 millionar lyspærer gjekk i svart under jordtimen, og i ei spørjeundersøking frå Respons svarte 37 prosent av dei spurte at dei hadde vore med.

LES OGSÅ: Unge bryr seg meir om klima

Nina Jensen i WWF trur kampanjen kan bli endå større i år.

– Alt tyder på at klimaengasjementet er på veg oppover, og at mange vil vise dette engasjementet under Earth Hour. Både kommunar og bedrifter melder seg på, og blant folk flest i sosiale medium har vi aldri sett maken til oppslutning ein månad før sjølve arrangementet. Vi ser fram til ein stor og stemningsfull kampanje – og reknar med at fleire av Earth Hour-rekordane vil ryke i år, seier Nina Jensen.

LES OGSÅ: AUF: – Oljealderen høyrer fortida til

Mørkt i påskefjellet
I år kjem jordtimen 28. mars og lysa skal altså sløkkjast ved inngangen til påskeferien.

– Vi satsar litt ekstra på å mørkleggje påskefjellet i år, seier Nina Jensen.

Blant deltakarane under årets Earth Hour er Den Norske Turistforening, som har sendt oppfordringa om å vere med til turisthytter over heile landet.

– Vi slår av lysa og oppfordrar alle til å delta i den største og mest stemningsfulle klimakampanjen i verda, seier generalsekretær Nils Øveraas i DNT til medlemsbladet Fjell og Vidde. Blant turisthyttene som allereie har lovd å slå av lyset under jordtimen, er Rauhelleren på Hardangervidda, Preikestolen ved Lysefjorden i Rogaland, Haukeliseter på Haukelifjell i Telemark og Gjendesheim i Jotunheimen. (©NPK)

LES OGSÅ: – Kan drita i å snakka meir om togradersmålet