– Eg har alltid lært på den forbanna tunge måten, seier 56-åringen til Framtida.no.
– Eg køyrde gravemaskinar, bora og skaut med dynamitt og herja på.
Det var livet til 20 år gamle Leif Einar Lothe, seinare godt kjent som Lothepus. Framtida.no møtte han i Østebanehallen i Oslo i oktober for å prate om ungdomsåra.
Lothe har gjort alt frå å vere reality-cowboy, vinne Farmen kjendis og byggje stavkyrkje, til å nyleg gi ut ei bok med gode råd. Før alt det kan 56-åringen fortelje at det var mykje jobb i 1989, då han var 20.
– Det var mykje anlegg, mange tunnelar. Eg bygde hus på kveldane og i helga då eg hadde fri.
Langt hår i Forsvaret
Unge Leif Einar gjekk rett frå skule til førstegongsteneste til jobb.
– Kva hadde du tenkt om du møtte deg sjølv som 20-åring?
– Faen for ein galning. Eg hadde jo langt hår, og utfordra heile eliten i militæret.
For håret skulle ikkje klippast. Uansett.
– Eg vart jo teken framfor tusen mann som eit eksempel på korleis folk ikkje skal kle seg. Eg vart jaga ut av leiren då vi skulle få besøk.
Han hevdar at han måtte gå med hårnett, som ei bestemor, men at han slapp billig unna sidan ikkje alle i førstegongsteneste kunne køyre store maskinar. Han varte heile året, og dagen før han slutta, klipte han seg kort.
– Då vart eg kalla inn til høgste hald, og eg forklarte at eg måtte klippe meg, for eg skulle jo ut i jobb. Faen, då var dei forbanna.
Lothe treivst likevel i Forsvaret, og meiner det er godt for ungdommar å gjennomføre tenesta.
Bygde hus og lytta til radio
Lothe fylgde ikkje særleg med på nyheitene eller elles i media, men han høyrde ein del på radio.
– Eg høyrde på P1, det stod fast på i gravemaskina. Eg vart steike forbanna om nokon hadde slått over til P4, og eg aldri fekk det tilbake.
Han såg mest opp til dei andre karane i anleggsbransjen, spesielt dei eldre som hadde arbeidd med maskinar heile livet.
Sjølv hadde han mykje å lære, og det sterkaste minnet er at han bygde huset sitt.
– Då måtte eg lære på den tungvinte måten, for eg lærte meg sjølv å spikre. Det var kjekt då, men ofte tek eg på meg altfor mykje.
Kan ikkje angre på det du har gjort
– Kva var di største frykt?
– Å miste familiemedlemar. Eg mista jo broren min då eg var 17 år, og det er noko eg ikkje ville ha opp att, for å seie det sånn.
Dei to systrene sine har han eit godt forhold til, og han går både på jakt og fiske saman med dei.
Han har mange gode råd i den nye boka si, men trur ikkje det hadde nytta å gi råd til seg sjølv som 20-åring.
– Eg trur eigentleg eg er skrudd saman sånn som eg er, og då får det berre vere sånn som det er.
Å angre på ting du har gjort, meiner han ikkje er noko å bruke tid på.
– Eg har gjort mykje dumt, men eg angrar ikkje på det. Eg har jo lært av det. Hadde eg ikkje gjort så mange dumme ting, hadde eg heller ikkje lært av det.
– Og du var kanskje ikkje så mottakeleg for råd som 20-åring?
– Nei, ikkje i det heile, ler han.
Lothe meiner grunnen til at han no sit med god økonomi, er fordi han har gått konkurs tidlegare.
– Eg har alltid lært på den forbanna tunge måten. Det må inn med teskei før du skjønnar, faen i helvete, du må ta deg saman.









