Utdanning

«Mobbing er eit svik – frå mobbaren, frå skulen og frå samfunnet»

Det finst elevar som opplever ei skuleleiing som ikkje tek dei på alvor når dei fortel om mobbing. Dette kan me ikkje akseptera, skriv Hanne Frøyland frå FpU.

Hanne Frøyland (18)
Leiar i Sandnes og Jæren FpU og styremedlem i Rogaland FpU
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Kvar dag går barn på skulen med ein klump i magen. Ikkje fordi dei gruer seg til å lesa og rekna, men fordi dei fryktar neste kommentar, neste dytt i skulegarden eller å bli oversette i timen.

Mobbing er eit svik – frå mobbaren, frå skulen og frå samfunnet.

Barn fortener ein trygg skulekvardag, og me må gjera alt for å sikra dei det.

Barns eigne svar fortel den triste sanninga at alle former for mobbing aukar. Det er ikkje berre statistikk, det er barn som opplever at deira viktigaste sosiale arena blir fylt med utryggleik og redsel.

Den som mobbar må få konsekvensane

I altfor mange år har det vore den som blir utsett for mobbing som har måtta bera konsekvensane. Dei har måtta byta skule, medan mobbaren blir verande, ofte utan konsekvensar. Det er både urettferdig og uakseptabelt. Korleis kan me forventa at barn skal læra og utvikla seg i eit miljø prega av frykt og utryggleik?

For oss i Frp er det heilt klart: Det er mobbaren som skal byta skule, ikkje offeret.

Frp foreslår ei rekkje tiltak for å sikra at alle barn får ein trygg skulekvardag. Mellom anna at det skal kunna vera mogleg å byta ut delar av skuleleiinga dersom dei over tid ikkje handterer mobbesaker. Det held ikkje med tiltak som ikkje fungerer, barn som blir utsette for urettferd, fortener betre. Me må stilla krav til at skulane innfører tiltak som faktisk verkar, fordi alle elevar fortener ein trygg skulekvardag.

Lærarane må kunna gripa inn

For å få eit trygt og godt læringsmiljø er det også viktig at læraren igjen blir sjefen i klasserommet. Det inneber mellom anna at læraren skal ha eit regelverk som gir rom for å gripa inn dersom elevar utagerer verbalt, til dømes med truslar, eller fysisk, utan å måtta frykta konsekvensar for eiga stilling. Når læraren trygt kan gripa inn, skaper det ein føreseieleg kvardag for elevane, og kanskje spesielt for dei som blir utsette for mobbing.

Me veit at for mange barn er skuledagen ikkje fylt med læring, men med utryggleik og mobbing. Og me veit at bak kvart tal i statistikken ligg ei historie, og altfor ofte ein elev som ikkje vart høyrd eller sett.

Det finst elevar som opplever ei skuleleiing som ikkje tek dei på alvor når dei fortel om mobbing. Dette kan me ikkje akseptera.

Det er på høg tid å snu systemet. Me skuldar barna våre det. Å seia at «alle har rett til ein trygg skulekvardag» er ikkje nok. Me må vere garantisten for det.