Solformørking tar EU-straumen

Kraftforsyninga i EU bur seg på brått å miste 35 GW under solformørkinga den 20. mars.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Er himmelen skyfri, kan så mykje som 35 GW falle bort når månen glir framom solskiva, skriv det svenske fagbladet Ny Teknik.

Test deg sjølv – kva veit du om verdsrommet?

Bortfallet svarer til effekten av alle kraftverka i Noreg til saman. I Tyskland er solkrafteffekten no på nesten 40 GW og dekkjer nær halvparten av effektbehovet i landet.

Det er samarbeidsorganisasjonen til kraftnettselskapa i EU, Entso-E i Brussel, som no har rekna ut kor mykje reguleringskraft selskapa må bu seg på å setje inn på kort varsel for å halde straumnetta stabile.

Solformørkinga blir ikkje total, men kjem til å dekkje opptil 80 prosent av sola. (©NPK)

LES OGSÅ: «Nesten sikkert utanomjordisk»