Norden kartlegg psykisk helse blant unge
Nordens velferdssenter er no i gang med eit prosjekt for å kartleggje den psykiske helsa blant unge nordbuarar i alderen 16– 29 år.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Psykisk helse skal kartleggast
Målet er å finne ut korleis samfunnet best kan hjelpe dei som fell utanfor, inn i varmen igjen.
LES OGSÅ: 40.000 unge utan jobb, studiar eller støtte
Bakgrunnen er at så mange som 6– 10 prosent i av 16– 29-åringane i Norden står utan utdanningsplass eller arbeid og hamnar i den såkalla NEET-statistikken («not in employment, education or training»). Samtidig blir ein aukande del unge trygda på grunn av psykisk problem, flest i Noreg, men òg mange i nabolanda våre.
Velferdssenteret skal i prosjektet sjå på samanhengane mellom den psykiske helsa til dei unge og korleis dei hadde det på skulen og seinare når dei skulle over i arbeid. Da håper forskarane å kunne peike på tiltak og prosjekt som har vist seg å nytte, og som får dei unge inn i utdanning eller arbeid. (©NPK)
LES OGSÅ: – Eg er evig takksam for veggen som traff meg midt i trynet