Noreg skal ta imot 100 overføringsflyktningar: – Eit svik mot menneske

Regjeringa la fram sitt forslag til statsbudsjett onsdag. Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom reagerer sterkt på talet kvoteflyktningar som Noreg skal ta imot.

Vilde Standal Bøyum
Publisert

Denne saka er skriven av systeravisa vår, Framtida Junior.

– Dette er ikkje berre pinleg. Det er eit moralsk og politisk svik mot menneske i desperat trong for vern, seier Maria Louise Hundeide. Ho er leiar i Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom.

– Å snu ryggen til verdas mest sårbare

Ein overføringsflyktning, eller «kvoteflyktning», er ein person som ikkje har fått tilgang til eit land, og som er i fare i sitt eige land. Ved hjelp av eit FN-organ, FNs høgkommissær for flyktningar, får flyktningen eit land å bu i.

No foreslår regjeringa i Noreg at dei skal setje talet for desse flyktningane til 100 personar. Det er det lågaste talet på 40 år.

Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom poengterer at dette skjer i eit tid der verda aldri har hatt så mange menneske på flukt.

– Noreg har både kapasitet og eit ansvar for å stille opp. Å kutte til 100 kvoteflyktningar er å snu ryggen til verdas mest sårbare, seier Hundeide.

To rutebussar

I 2023 sette Noreg kvota til 2000 overføringsflyktningar. I statsbudsjettet for 2025 var kvota 500.

FNs høgkommissær for flyktningar har bedd Noreg om å ta imot 5000 kvoteflyktningar.

– Noreg har kapasitet til å ta imot langt fleire enn berre 100. Dette er omtrent det same talet som to rutebussar, seier Hundeide.