Forbodne bøker-veka:
Dette er dei 15 mest bannlyste bøkene i USA
Seksuelt innhald, rusmiddel og skeiv tematikk har gjort desse bøkene kontroversielle i USA.

Vi er inne i forbodne bøker-veka, som i Noreg vert koordinert av Universitetsbiblioteket i Oslo, i samarbeid med Norsk PEN, Norsk bibliotekforening og fylkesbiblioteka.
I skuleåret 2024–2025 var det rekordhøge 6 870 tilfelle av bannlysing av nesten 4 000 ulike bøker. Organisasjonen PEN America har laga ei oversikt over bøkene som har vorte fjerna eller bannlyste flest gonger frå amerikanske skulebibliotek (sjå topplista under).
Lista inneheld både kritikarroste og bestseljande bøker. Det er hovudsakleg bøker om rasisme, LHBTQ+-personar eller med seksuelle referansar som vert utsette for sensur.
Bøker vert som regel bannlyste innanfor eit skuledistrikt, men i både Utah og Sør-Carolina har bøker vorte bannlyste på statleg nivå. Tennessee har også ein slik mekanisme, men han har endå ikkje vorte teken i bruk.
Dei statane kor flest bøker er sensurerte, er Florida (2304 tilfelle), Texas (1781) og Tennessee (1622).
Viskar ut historier og identitetar
PEN America skriv at dei er bekymra over at sensurering av bøker vert normalisert.
– Aldri før i livet til nokon amerikanar har så mange bøker vorte systematisk fjerna frå skulebibliotek landet over, skriv dei i ein rapport.
– Aldri før har så mange politikarar forsøkt å presse leiarar i skular til sensur basert på ideologiske preferansar, og til og med truge med å fjerne offentleg finansiering for å få dei til å lyde, held dei fram.
PEN meiner at sensuren bidreg til å viske ut historier, identitetar, opplevingar og folk, og å omforme forståingar av fortida.
Dei skriv også at omtale av LHBTQ+-identitetar vert likestilt med seksuelt innhald, og dermed fjerna frå bibliotekhyllene for å vere «upassande» eller «usømeleg».
PEN fryktar at ein snøball som dei har åtvara om i fleire år, for alvor har byrja å rulle, og presset mot biblioteka aukar. Dei fryktar at krav om sensur vil flytte seg frå biblioteka og vidare til undervisingsmateriale.
Press frå konservative grupper
Moms for Liberty er ei av dei viktigaste gruppene som driv sensuren av bøker i skulen. Gruppa er finansiert av konservative donorar, og profilerte republikanarar som Ron DeSantis, Nikki Haley, Vivek Ramaswamy og president Donald Trump har tala på konferansen deira.
72 prosent av krav om sensur av bøker kjem ifrå pressgrupper eller offentlege tenestefolk, mellom anna valde representantar, styremedlemer og administratorar, skriv American Library Association.
Foreldre har stått for 16 prosent av krava, medan berre 5 prosent har kome frå individuelle brukarar.
Her er dei 15 mest forbodne bøkene i amerikanske skuledistrikt i skuleåret 2024/2025:
1: A Clockwork Orange av Anthony Burgess
23 forbod.
Denne dystopiske boka om ein valdeleg tenåring har vorte kåra av magasinet Time til ei av dei 100 beste bøkene frå førre århundre.
Boka har vore utsatt for bannlysing i USA sidan ho vart publisert i 1962, mellom anna på grunn av at ho skildrar seksuell vald.
Delt 2. plass: Breathless av Jennifer Niven
20 forbod.
Ein romantisk oppvekstroman som tar for seg tema som kjærleik, sex og foreldre som skil seg.
Etter at forfattar Niven mottok nyheita om at boka hennar hadde vorte bannlyst i det største skuledistriktet i Utah i 2022, skreiv ho på Facebook:
– Gode Gud, dette er forferdeleg. Eg forstår at ikkje alle bøker er for alle, men burde vi ikkje i det minste få valet til å velje sjølve kva vi les?
Jennifer Niven har vore på førsteplass på bestseljarlista til New York Times.
Delt 2. plass: Sold av Patricia McCormick
20 forbod.
Boka handlar om ei 13 år gammal jente frå Nepal som vert seld som sex-slave i India.
Boka vert utfordra på grunn av skildringar av seksuelle overgrep og skulda for å vere seksuelt eksplisitt.
Boka var finalist i National Book Award og vart kåra av Publishers Weekly og NPR til ei av dei beste bøkene som vart utgitt i 2006.
4. Last Night at the Telegraph Club av Malinda Lo
19 forbod.
Boka er sett i 1954 og handlar om 17 år gamle Lily Hu som besøker ein lesbisk bar.
Boka vann National Book Award, Stonewall Book Award og hamna på bestseljar-lista til New York Times.
5. A Court of Mist and Fury av Sarah J. Maas
18 forbod.
Boka er oppfølgaren til A Court of Thorns and Roses (som er lenger nede på denne lista). «ACOTAR»-serien er på totalt fem bøker, og har vorte gigantisk på Tiktok. Forfattaren Sarah J. Maas var dessutan den tredje meste bannlyste forfattaren på amerikanske skular.
«Romantasy»-serien følger 19 år gamle Feyre si reise gjennom ei fantastisk verd, og er mellom anna kjent for å vere heit.
Boka vann Goodreads Choice Award.
Delt 6. plass: Crank av Ellen Hopkins
17 forbod.
Boka handlar om ei tenåringsjente som møter ein gut som overtalar henne til å prøve metamfetamin. Boka har vore obligatorisk lesing på mange vidaregåande skular i USA.
Boka vert utfordra på grunn av bruk av rusmiddel og skuldingar om å vere seksuelt eksplisitt.
Boka har toppa bestseljarlista til New York Times.
Delt 6. plass: Forever… av Judy Blume
17 forbod.
Ein young adult-roman frå 1975, som har vore utsett for sensur sidan ho vart publisert.
Forfattaren Blume har sagt at ho skreiv boka fordi ho ville at dottera skulle få lese ei bok der born kunne ha sex utan at nokon av dei trong å døy.
Boka har vorte kåra til ei av dei 100 beste tenåringsromanane av NPR og ei av tidenes 100 beste young adult-bøker av Time Magazine. Forfattar Judy Blume har fått medalje frå National Book Foundation.
Delt 6. plass: The Perks of Being a Wallflower av Stephen Chbosky
17 forbod.
Boka er ein oppvekstroman om ein sjenert, introvert og intelligent tenåring. Han må takle typiske tenåringsproblem, men også at bestevenen hans tar sjølvmord.
Boka har vorte utfordra på grunn av påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt, har LHBTQ+-innhald, skildringar av seksuelle overgrep, bruk av rusmiddel og banneord.
Boka vart kåra av American Library Association til beste bok for unge vaksne, og beste bok for motvillige lesarar. Ho har også toppa bestseljarlista til New York Times.
Delt 6. plass: Wicked: The Life and Times of the Wicked Witch of the West av Gregory Maguire
17 forbod.
Boka er skrive som ein forløpar til The Wonderful Wizard of Oz, og har inspirert både ein stor musikal-suksess og to store Hollywood-filmar.
Boka tar opp tema som moral, makt og korrupsjon, og inneheld skildringar av voldtekt, prostitusjon, kriminalitet og sex-festar mellom menneske og dyr.
Boka har vore ein NYT-bestseljar.
Delt 10. plass: All Boys Aren’t Blue av George M. Johnson
16 forbod
Eit memoir om oppveksten til journalist og LHBTQ+-aktivisten Johnson, kor han mellom anna skriv om mobbing og hans første seksuelle relasjonar.
Boka har vorte utfordra på grunn av LHBTQ+-tematikk og påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt.
Boka er ein NYT-bestseljar, vinnar av Goodreads Choice Award og på Kirkus Review si liste over dei beste bøkene frå 2020.
Delt 10. plass: A Court of Thorns and Roses av Sarah J. Maas
16 forbod.
Den første boka i ACOTAR-serien, som er omtalt ovanfor.
Boka har vore ein NYT-bestseljar.
Delt 10. plass: Damsel av Elana K. Arnold
16 forbod.
Ei ung kvinne vert redda frå ein drage av ein kjekk prins, men alt er ikkje som det verkar i dette mørke eventyret.
Boka inneheld mellom anna skildringar av sex.
Forfattar Arnold har publisert ein uttale kor ho går hardt ut mot sensuren av boka hennar. Ho avviser at boka er pornografisk, og meiner påstandar om det er anten ignorante eller løgnaktige.
– Bannlysing av bøker skadar borna og tenåringane dei påstår å beskytte. Litteratur gir oss historier og informasjon slik at vi kan forstå oss sjølve og den vidare verda. Ein lesar er i ein mektig posisjon med ei bok. Dei kan lese henne om dei vel det, og likeins har dei makta til å legge henne ned og gå vekk. Når nokon tar det valet for lesarar ved å bannlyse ei bok som har blitt teke inn i samlinga til eit bibliotek av ein utdanna, opplært profesjonell bibliotekar, stel dei fridomen frå lesaren, skriv ho.
Delt 10. plass: The DUFF: Designated Ugly Fat Friend av Kody Keplinger
16 forbod.
17 år gamle Bianca oppdagar at ho har fått kallenamnet «Designated ugly fat friend» av ein kjekkas på skulen. Likevel ender ho opp i eit hemmeleg fiendar-med-fordelar-forhold med han.
Boka tek opp tema som kroppsbilete, sosial kontroll og seksualitet. Ho inneheld sexscener og banneord.
Boka er ein NYT-bestseljar og har blitt adaptert til ein storfilm.
Delt 10. plass: Nineteen Minutes av Jodi Picoult
16 forbod.
Boka handlar om forløpet og etterdønningane etter ei skuleskyting.
Ifølge forfattaren sjølv har ikkje dei konservative noko problem med dei valdelege skildringane i boka, men at ho bruker ordet «ereksjon».
– Tapet av ytringsfridom er ei veldig, veldig slippery slope, uttalte ho under Hay-festivalen i Wales.
Delt 10. plass: Storm and Fury av Jennifer L. Armentrout
16 forbod.
18 år gamle Trinity må kjempe mot vonde demonar med hjelp frå mektige beskyttarar.
Boka inneheld avsnitt med seksuelle tema, inkludert scener med kyssing og éi scene der hovudpersonen nesten har sex.
I 2023 skapte ei mor frå Moms for Liberty overskrifter då ho ringde politiet og skulda bibliotekarar for å gi «pornografi» til ein mindreårig, etter at ein 17-åring hadde lånt boka på biblioteket.
Armentrout har toppa bestseljarlista til NYT.
Skrekk-kongen på topp
Blant forfattarane som blir mest sensurerte, er Stephen King på topp, med 206 tilfelle av forbod. Bøkene til Ellen Hopkins, (som vi óg finn på 6. plass på lista over) er nest mest bannlyst med 167 tilfelle, medan Tiktok-favoritt Sarah J. Maas er på 3. plass med 162 tilfelle.
Fleire forsøk på sensur
Også den amerikanske bibliotek-organisasjonen ALA følger med på forsøk på sensur av bøker på offentlege skular i USA. Dei listar opp nokre av dei andre bøkene som har blitt forsøkt fjerna av pressgrupper og andre:
Gender Queer: A memoir av Maia Kobabe
38 krav om fjerning.
Ei sjølvbiografisk teikneseriebok om å finne sin eigen identitet som skeiv.
Boka har vorte utfordra på grunn av LHBTQ+-tematikk og påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt.
Boka var den nest mest påklaga boka i 2024, berre bak All Boys Aren’t Blue av George M. Johnson, som er omtala ovanfor.
The Bluest Eye av Toni Morrison
35 krav om fjerning.
Boka skildrar historia til elleve år gamle, afro-amerikanske Pecola Breedlove, som ønsker seg blå auge sånn at folk vil legge merke til henne og verda vil bli annleis.
Boka har vorte utfordra på grunn av skildringar av seksuelle overgrep, skildringar av incest, påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt og «EDI-innhald» (equity, diversity and inclusion. Eller på norsk: rettferd, mangfald og inkludering).
Tricks av Ellen Hopkins
33 krav om fjerning.
Boka fortel historia til fem tenåringar med ulike problem. Ho har vorte utfordra på grunn av påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt.
Looking for Alaska av John Green
30 krav om fjerning.
Denne boka av forfattaren bak den enorme suksessen The Fault in Our Stars, handlar om seksten år gamle Miles sin søken etter svar om liv og død etter ei dramatisk bilulukke.
Boka har vorte utfordra på grunn av påstandar om at ho er seksuelt eksplisitt.
Me and Earl and the Dying Girl av Jesse Andrews
30 krav om fjerning.
Boka handlar om to tenåringsgutar og venskapet deira med ei jente med leukemi.
Boka vert skulda for å vere seksuelt eksplisitt og innehalde banneord.
Flamer av Mike Curato
27 krav om fjerning.
Boka skildrar tenåringsguten Aiden som må navigere venskap, mobbarar og ei forelsking i guten Elias.
Boka vert utfordra på grunn av LHBTQ+-innhald og skuldingar om å vere seksuelt eksplisitt.