Boka til «Handmaid’s Tale»-forfattar er forboden i amerikansk delstat

Margaret Atwood skildra eit dystopisk og autoritært samfunn i den kritikarroste boka The Handmaid's Tale. No har ei av bøkene hennar vorte bannlyst frå skulebibliotek i delstaten Utah.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

Utah har nyleg bannlyst 13 bøker frå klasserom og skulebibliotek, etter at ei ny lov tredde i kraft.

Lova slår fast at bøker som er bannlyste i minst tre skuledistrikt, eller to distrikt og fem friskular, må fjernast frå alle skulane i staten. Utah vedtok tidlegare i sommar eit krav om at materiale som har «pornografisk eller upassande» innhald skal fjernast frå skulane.

Det er 13 bøker som vert omfatta av den nye lova i første omgang. Lista inneheld bøker av forfattarane Sarah J. Maas, som har vorte svært populær på TikTok med bokserien A Court of Thorns and Roses, så vel som insta-poeten Rupi Kaur. Tolv av bøkene er skrivne av kvinner.

Også Margaret Atwood, som skreiv den dystopiske boka A Handmaid’s Tale, om eit autoritært samfunn der religiøse fundamentalistar held fruktbare kvinner som slavar, har vorte råka av forbodet. A Handmaid’s Tale er ikkje fjerna frå skulebiblioteka, men boka hennar Oryx and Crake, ein dystopisk roman om eit samfunn råka av miljøkatastrofe, er òg forbode på skular i Utah.

 

Desse bøkene vart forbodne:

Sarah J. Maas:

  • A Court of Thorns and Roses
  • A Court of Mist and Fury
  • A Court of Wings and Ruin
  • A Court of Frost and Starlight
  • A Court of Silver Flames
  • Empire of Storms

Rupi Kaur:

  • Milk and Honey

Margaret Atwood:

  • Oryx and Crake

Elana K. Arnold:

  • What Girls Are Made Of

Judy Blume:

  • Forever

Ellen Hopkins:

  • Tilt
  • Fallout

Craig Thompson:

  • Blankets

Kjelde: Utah State Board of Education.

Det er venta at endå fleire bøker kjem til å falle under lova. Fleire amerikanske statar har vedteke liknande lovar.

– Ein mørk dag

Dette er første gong ein amerikansk stat har forbode ei liste med bøker over heile staten, ifølge Jonathan Friedman i PEN America.

Ifølge retningslinene må bøkene kastast, dei kan altså ikkje bli selde eller omdistribuerte.

Kasey Meehan, direktør for «Fridom til å lese»-programmet hos amerikanske PEN, seier til The Guardian at effekten av lova er eit signal om at nokre bøker er for farlege.

– Det er ein mørk dag for fridomen til å lese i Utah. Lista over forbodne bøker vil innføre eit dystopisk sensur-regime i offentlege skular, og, i mange tilfelle, direkte motstride lokale preferansar. Å late ei handfull skuledistrikt ta avgjerder for heile staten er antidemokratisk, seier ho.