Sju av ti fryktar terrorangrep i Noreg
68 prosent av befolkninga er enten i svært stor, ganske stor eller nokon grad urolege for at Noreg skal bli ramma av eit terrorangrep. Det viser ei undersøking utført av Ipsos MMI.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
7 av 10 fryktar terrorangrep
Kvinner og folk som manglar utdanning, er meir engstelege enn resten av befolkninga, viser målinga som er gjennomført av Nettavisen. 75 prosent av kvinnene er i variert grad urolege. 61 prosent av mennene oppgir det same. Folk med høgare utdanning er ein smule mindre engstelege enn dei med lågare utdanning, men forskjellane er små, skriv Nettavisen.
LES OGSÅ: Meiner terroralarmen skapte unødig frykt
Blant høgtlønte og låglønte er det nøyaktig like mange som er urolege for at Noreg skal bli ramma av eit terrorangrep. (©NPK)
LES OGSÅ: Breivik saksøkjer staten