«Atomvåpen er ingen tryggleiksgaranti – det er ein trussel»
Det samla talet atomvåpen i verda vil snart auke igjen, for første gong sidan den kalde krigen, skriv Maria Louise Hundeide Godoy frå Solidaritetsungdommen.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
26. september blir FNs internasjonale dag for total avskaffing av atomvåpen markert. Dagen minner oss på at me lever med ein trussel som kan utsletta alt me kjenner til, og at den einaste måten å vera trygge på er å sørgja for at desse våpena aldri blir igjen brukte.
Likevel snakkar verda framleis om atomvåpen som ein «tryggingsgaranti». Dette argumentet byggjer på ideen om avskrekking, om at frykta for gjengjelding skal hindra statar i å angripa. Problemet her er berre at ein slik strategi føreset at verdsleiarar aldri gjer feil, at teknologien aldri sviktar, og at menneske alltid handlar rasjonelt under press. Historia har vist at dette ikkje stemmer.
Fleire gonger har verda stått på kanten av ein atomkatastrofe, anten på grunn av tekniske feil, menneskelege misforståingar eller politiske kriser.
Så kor trygg er eigentleg ein strategi som baserer seg på flaks?
Fleire atomvåpen sidan den kalde krigen
Dei ni atomvåpenstatane i verda hadde ved inngangen til 2025 til saman 12 331 atomstridshovud. Av desse er 9 604 tilgjengelege for bruk. Samla svarer sprengkrafta til meir enn 146 500 Hiroshima-bomber. Fleire atomvåpenstatar utvidar no arsenala sine, og derfor er det venta at det samla talet atomvåpen i verda snart vil auke igjen, for første gong sidan den kalde krigen.
La meg berre forklara dykk kva som vil skje viss ei atombombe går av:
Konsekvensane av eitt einaste nedslag i ein storby vil vera ufattelege. Det vil komma sjokkbølgjer, brannar og radioaktiv stråling vil utsletta lokalsamfunn på sekund. Dei som overlever, vil stå igjen i ruinar fulle av stråling, utan fungerande sjukehus eller infrastruktur. Noreg har åtte sengeplassar for alvorlege brannskadar og fire for intensivbehandling, og det berre viss sjukehusa i det heile står igjen.
Ingen land har beredskap for å handtera dette.
Og det er viktig å forklara folk at konsekvensane ikkje stoppar ved snarleg øydelegging. Overlevande frå Hiroshima og Nagasaki lid framleis av kreft, genetiske skadar og andre helseproblem. Det same gjeld menneske i område ramma av atomprøvesprengingar, som Fransk Polynesia og Kasakhstan. Over 2000 slike testar har vorte gjennomført globalt sidan 1945. Mange lever framleis med miljøøydeleggingar og sjukdommar som direkte følgje av radioaktiv forureining. Barn og unge er spesielt utsett for stråling.
Atomvåpen er derfor ikkje berre ei tryggingspolitisk problemstilling, men ei generasjonskrise!
Vi må ta eit tydeleg standpunkt
Me i Noreg liker å omtala oss som ein fredsnasjon. Me har stått i front for humanitær nedrusting før, mellom anna ved å ta leiarskap i kampen mot landminer og klaseammunisjon. Desse våpena ramma sivile på ein urettferdig og vilkårleg måte, og resultatet vart internasjonale forbod med brei oppslutning. Men på atomvåpenområdet er me feige. Me manglar mot. Sjølv om halvparten av statane i verda har signert eller gitt si støtte til forbodet mot atomvåpen, står me utanfor. Grunngivinga er ofte NATO-medlemskapen vår, som berre er heilt tull. NATO kan ikkje og bør ikkje frita oss for moralsk ansvar.
Noreg kan ikkje både kalla seg ein forkjempar for fred og samtidig akseptera dei mest destruktive våpena i verda som legitime tryggingsverktøy.
Som leiar av Norsk Folkehjelp Solidaritetsungdom er eg stolt over at me er tydelege i standpunktet vårt: me krev absolutt forbod mot produksjon, lagring og bruk av atomvåpen. Me er stolte av å vera ein del av ICAN – den internasjonale kampanjen for å avskaffa atomvåpen, som vart tildelt Nobels fredspris i 2017. Saman med overlevande, forskarar, legar og unge aktivistar i heile verda løftar me stemma for ei framtid utan atomvåpen. Me støttar partnarane våre i arbeidet for eit sterkt internasjonalt regelverk, og me meiner Noreg må signera og ratifisera traktaten om forbod mot atomvåpen. Me krev at Noreg legg press på NATO og atommaktene til å gjera det same, og at me samtidig støtter forsking og undervisning som viser dei humanitære konsekvensane av atomvåpen. Me kan faktisk ikkje basera tryggleiken vår på ein strategi som inneber masseøydelegging av sivile.
Held verda gissel
80 år etter dei første atombombene står me framleis i skuggen av atomvåpen. Samtidig markerer me også 80 år sidan skipinga av FN, som vart til nettopp for å hindra nye katastrofar. Eg meiner det er eit sterkt paradoks at medan FN arbeider for fred, held ni statar fram med å halda resten av verda som gissel med atomarsenala sine. Eg meiner at om me skal byggja reell tryggleik, må me gjera som me gjorde med landminer og klasebomber: stå opp for folkeretten, menneskeverdet og framtidige generasjonar.
Me kan faktisk ikkje stola på flaks. Me kan ikkje satsa på at atommaktene aldri gjer ein feil. Og skal me i Noreg kunne kalla oss ein fredsnasjon, må me stå på offera si side: dei frå Hiroshima, Nagasaki og alle som har levd i skuggane av atomprøvesprengingar. Noreg må velja å stå på rett side av historia.
Me i Solidaritetsungdommen krev at:
Noreg skal signera og ratifisera traktaten om forbod mot atomvåpen.
Me meiner dette er heilt nødvendig, for då får me brukt posisjonen vår, i verda, til å leggja press på atommaktene og NATO. Me må heva terskelen for bruk og anerkjenna at atomvåpen aldri kan gi oss tryggleik. Fordi den einaste garantien mot atomvåpen, er ei verd utan dei.