«Vi må fordømme politisk vald, heilt utan atterhald»
Når språkbruk blir forråa, når ein spøker om vald eller legitimerer vond vilje mot meiningsmotstandarar, risikerer vi å senke terskelen for faktisk vald, skriv leiar i SAIH, Henriette Reierson Johnstone.
Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.
Drapet på den amerikanske ytre høgre-aktivisten Charlie Kirk er ei brutal påminning om kva som står på spel når vald får erstatte ord. Han vart skoten og drepen under eit arrangement i Utah.
Uansett kva ein måtte meine om han, og meiningane hans har ofte vore polariserande og ekstreme, kan ikkje politisk vald nokon gong forsvarast.
Når vi tek livet av kvarandre fordi vi er usamde, har vi tapt noko grunnleggjande: Trua på demokratiet.
Presidentsvar
Men det som skjer etter eit slikt drap, er òg avgjerande.
Presidentkandidat Donald Trump gjekk straks ut og skulda radikal venstreside for å ha inspirert drapsmannen, utan dokumentasjon.
I staden for å dempe konflikten, bidreg han til å forsterke fiendebiletet.

Retorikken vi brukar i det offentlege rom formar haldningar

Når vi byrjar å forklare vald som ein naturleg konsekvens av «dei andre», bygger vi ei retorisk bru over til meir vald. Det er farleg, og det gjer ikkje framtida tryggare for nokon.
Retorikken vi brukar i det offentlege rom formar haldningar, handlingar og grenseoppgangen for kva som er «innafor».
Mektig språk
Ord har alltid makt, men i ein digital tidsalder har dei også tempo og rekkevidd.
Når språkbruk blir forråa, når ein spøker om vald eller legitimerer vond vilje mot meiningsmotstandarar, risikerer vi å senke terskelen for faktisk vald.
I det klimaet vert menneske ikkje lenger sett som folk med rettar og verdi, men som hinder, problem eller fiendar.
Nettopp derfor er også det som skjedde i Noreg etter drapet alvorleg. Nyleg avgått leiar i Raud Ungdom, Amrit Kaur, publiserte ein sarkastisk TikTok-video der ho spøkte om Kirk sin død.
Ho har sidan sletta videoen og sagt at ho angrar, men skaden var allereie skjedd.
Ytringsansvar
Når humor vert brukt for å latterleggjere offer for vald, mister vi ankerfesta.
Det er ikkje berre «dårleg dømmekraft». Det sender signal om at politisk vald er noko vi kan le av, så lenge det rammar «dei rette».

Ytringsfridom betyr ikkje fridom frå ansvar

Ytringsfridom betyr ikkje fridom frå ansvar. Særleg ikkje for dei som har tillit og posisjonar i det offentlege rom.
Vi treng eit politisk klima der vi toler usemje utan at det går over i avhumanisering. Det krev at vi alle nektar å spele på dei same mekanismane som dei vi kritiserer.
Autoritær utvikling
I vår tid veks autoritære krefter, også i demokrati.
Når ord vert brukt som våpen og vald vert møtt med sarkasme i staden for solidaritet, er vi på farleg kurs.
Demokratiet lever ikkje av seg sjølv. Det krev ein kultur for respekt, for skiljet mellom kritikk og hat, og for å sjå mennesket også i den vi er djupast usamd med.
Vi må fordømme politisk vald, heilt utan atterhald. Og vi må krevje meir av kvarandre, også i språkbruken. For viss ikkje vi tek vare på orda, tek valden over.