Førstegongsveljarane har blanda følelsar om valresultatet
Nokre synest valnatta var nervepirrande, andre hadde ikkje tid til å følgje med. Dette meiner førstegongsveljarane om Stortingsvalet 2025:

Førstegongsveljaren er ein del av valprosjektet «Unge stemmer» støtta av Bergesenstiftelsen. I løpet av sommaren møter Framtida.no unge som skal stemma ved sitt første stortingsval.
Før valet har framtida.no følgd ei rekke førstegongsveljarar. Når valet no er overstått, tek me ein sjekk inn:
1. Kva synest du om valresultatet?
2. Følte du stemma di hadde noko å seie? 3. Følgde du med på valkvelden?Emilie Moldestad (18):
- Eg er først og fremst letta for at venstresida vann, og veldig glad for at MDG kom over sperregrensa. Samtidig bekymrar det meg at klimabevegelsen ikkje er større, og at ein fjerdedel av nordmenn stemmer FrP.
- Ja. Også fordi eg har vore open om kva eg har stemt og snakka meir om politikk dei siste månadane.
- Ja, eg følgde med ei god stund på valkvelden, mens fleire og fleire av stemmene blei talt. Å vente på resultatet var nervepirrande, men òg litt keisamt, sidan det ikkje endra seg så mykje. Dei ulike partia sine reaksjonar på resultat var meir spanande. Eg synest og det var interessant å sjå på kvar dei ulike partia var størst, og kva folk hadde stemt i min kommune.
Tobias Torsteingard (18):
- Eg har blanda følelsar om resultatet. Sjølv om eg stemte raud-grønt sjølv, så veit eg ikkje kva eg føler om fire nye år med Ap. Eg er ikkje overraska over at Frp fekk så mange stemmer, men veldig overraska over at Ap faktisk gjorde det bra.
- Nja, eg føler stemma mi hadde telt meir på berre kommunalt nivå.
- Eg gjekk inn på NRK nokon gonger, men følgde ikkje så nøye med.
Sol Isak Schackt (18):
- Valet vart veldig likt det eg forventa, men resultata er endå ganske forskjellige frå førre val, som er interessant.
- Ja, eg følte at stemma mi hadde ein del å seie sidan dei eg stemte på gjekk ganske mykje opp (MDG).
- Eg fekk berre følgt med på siste delen av valet fordi eg var på jobb i løpet av første delen. Likar å følge med på sånt, men prioriterer nok jobb. Det var gøy å endeleg få svar og sjå at venstresida vann.
Hadia Mizra (19):
- Det var litt sjokkerande samanlikna med tidlegare, men sidan at Frp har vore mykje ute i media og hatt med gode ungdomspolitikarar så var det ikkje sjokkerande at dei fekk så mange stemmer.
- Nei, ikkje mykje nasjonalt sett. I Oslo synest eg det betydde noko, men kor mykje veit eg ikkje.
- Følgde med litt, men då NRK la ut at venstresida hadde vunne før alle stemmene var talde, så la eg meg, fordi det sa meg noko eg kunne tru på.
Matilde Marjala (19):
- Eg er stort sett nøgd med resultatet, men synest høgrebølgja i verda er veldig skremmande. At valdeltakinga var så høg som ho var er veldig bra og tyder på at folk har eit ønske om å delta i demokratiet.
- Eg har kjent på at kva ein stemmer kan ha mykje å seie i forhold til korleis eg stemmer fram gode politikarar som kan ta viktige politiske avgjerder som har noko å seie på verdsbasis. Men også at mi stemme åleine ikkje er nok for at dei bra avgjerdene blir tekne, og at det er derfor eg har engasjert meg politisk.
- Ja, eg var hos ein ven som arrangerte valvake heime hos seg. Alle der var veldig politisk engasjerte og det gjorde alt meir spanande. Me las statistikk undervegs, og det vart jubel då dei raudgrøne vann, men me fekk alle klump i magen av kor stort Frp hadde vorte. Mange av venene mine følgde med på valvake ulike stader, og det var eit samtaleemne fleire dagar i etterkant.