North of North – mykje å kjenna seg igjen i

Netflix-serien North of North kan kjennast litt som ein såpeopera, men som ein meldar frå Nord-Noreg er det mykje ein kan kjenna seg att i, skriv Ola Birgitsønn Vik.

Ola Birgitsønn Vik
Publisert

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.

North of North er ikkje ein serie eg vanlegvis ville ha sett på. Eg er ikkje verdas største fan av sit-coms, og det er lenge sidan «originalserie frå Netflix» var eit kvalitetsstempel. Trass i det negative utgangspunktet mitt, klarte serien å overtyda meg med god humor, saftig drama og varme skildringar av eit bygdesamfunn.

Fargerikt karaktergalleri

Siaja er ein ung inuk som bur i Ice Cove i Nunavut. Ho gifta seg tidleg med den mest populære piloten i heile bygda, og saman har dei dottera Bun.

Siaja er husmor, og jobbar frivillig på kommunehuset, der sjefen Helen er høg på seg sjølv og ikkje særleg omsorgsfull. I bygda bur også mora Neevee, som tidlegare sleit med alkoholisme, som ikkje er redd for å snakka rett frå levra, og som no driv den lokale daglegvarebutikken.

 

North of North

Frå: Canada

Skaparar: Stacey Aglok MacDonald og Alethea Arnaquq-Baril

Plattform: Netflix

Antal episodar: 8

Episodelengd: ca. 30 min

Sjanger: Komedie, drama

For meg, som kjem frå nord i landet, var det mykje å kjenna seg igjen i. Dei køyrer scooter til jobben og det er ikkje langt til vidda og reinsdyr. Det er lyst ute både når festen byrjar og når han er ferdig. Sjef Helen kjem sørfrå og er ikkje like kjend med kulturen der, og mykje av jobben til Siaja er å passa på at Helen ikkje gjer feil.

Hovudappellen for meg er karakterane. Ungen Bun er veldig søt, og viser ofte langfingeren. Jefferey køyrer søppel og bor på dynga, og skjønar ikkje alltid nyansane i sosiale situasjonar. Elisapee på kontoret er gammal og frekk. Så sjølv om dramaet ikkje alltid fall heilt i smak hos meg, kan eg alltid gle meg over dei rare folka.

Karakterane er aldri melodramatiske, reaksjonane er forståelege og ikkje overdrivne, men kan kjennast litt rare ut i konteksten.

Sjangermiks

Serien leikar med sjangrar. Fyrste episode startar med at Siaja snakkar rett til kamera, alt er lettbeint og koseleg, før stemninga skiftar halvvegs i episoden. Ettersom vi blir meir kjende med mannen hennar Ting, skjønar me at han ikkje er like hyggjeleg som han verkar på utsida. Etter ein alkoholfylt fest slår Siaja opp med Ting på dramatisk vis framfor heile bygda. Og ikkje nok med det, far hennar som har vore fråverande heile hennar liv, kjem plutseleg tilbake.

Me følgjer Siaja medan ho prøver å finna seg sjølv, både i, og trass i, kulturen ho er vaksen opp med. Ho får fast jobb på kommunehuset, og hamnar ofte i komiske og katastrofale situasjonar. Me får sjå korleis ho handterer samlivsbrot, ny kjærleik, det å vera mor og det å plutseleg få ein far i livet.

Det er litt vanskeleg å bli riven med i dei meir seriøse scenane, når neste scene er like tullete som vanleg. I sesongfinalen brukar dei dette til sin fordel, og sidestiller to historier som begge er dramatiske, men med veldig ulik stemning. I slutten av episodane er det gjerne ein cliffhanger, som kan koma litt ut av det blå. All hoppinga mellom stemningar gjorde at serien kjendest litt ut som ein såpeopera, som ikkje nødvendigvis er ein dårleg ting.

Nordnorsk parallell

Det betyr ikkje at serien ikkje vekkjer følelsar. Eg vert sint når mannen hennar er ein dritsekk, og frustrert når miljøet rundt alltid tek hans side. Eg vert glad på Bun sine vegner når ho skyt ein rein, og trist når ein av dei eldre i byen går bort.

Spesielt godt likar eg ein scene som kjem midt i serien, der ein av dei eldste i Ice Cove snakkar om kvifor kultur og omtanke er viktig, spesielt i små miljø. På mange måtar er denne tanken grunnlaget for serien, og appellen med bygdesamfunn kjem veldig godt fram.

På ei side er det fint at serien ikkje grev seg ned i eit dystert hol, men klarar å halda ei lettbeint stemning. Det å visa at rasisme og sexisme er ein del av kvardagen er kanskje heile poenget.

På ei anna side synest eg serien er på sitt beste når han viser fram kulturen og staden, også dei mørkare sidene av den. Eg håpar me får sjå meir av det i sesong 2.