Den nye versjonen av Disney sin klassikar er både sjarmerande og underhaldande, men vil alltid vere eit objekt for samanlikning der han kjem tapande ut.

Denne teksta er ein del av meldarsatsinga «Ung kritikk 2025», støtta av stiftinga Bergesenstiftelsen.
La meg vere ærleg frå starten av: Eg er fundamentalt imot Disney sine nyinnspelingar av deira animerte klassikarar.
Det er ikkje blitt færre flinke animatørar og historieforteljarar sidan 2002, så det at så mykje pengar går til å køyre i dei same spora, heller enn å la dei kome med sine eigne forteljingar, er ein uting.
Eg synest også det er respektlaust med tanke på det arbeidet som allereie er lagt ned i dei originale filmane.
Lilo & Stitch
Terningkast: 4
Internasjonal tittel: Lilo & Stitch
Nasjonalitet: USA
Regi: Dean Fleischer Camp
Noregspremiere: 23.05.2025
Aldersgrense: 6 år
Sjanger: Familiefilm
Speletid: 1t 47m
Det som drog meg til akkurat Lilo & Stitch var regissøren, Dean Fleischer Camp. Han har tidlegare regissert Marcel the Shell with Shoes On, som eg med handa på hjartet vil kalle ein av dei beste filmane dette tiåret. Kunne han bringe den magien inn her?
Utanomjordisk eksperiment
Lilo (Maia Kealoha) er ei fantasifull lita jente med eit talent for trøbbel. Ho er fødd og oppvaksen på den hawaiiske øya Kauaʻi. Jamaldrande syntest ho er for rar, og vaksne veit ikkje kva dei skal gjere med ho. Sidan dei mista foreldra sine har ho budd aleine saman med storesyster Nani (Sydney Elizebeth Agudong), som kjempar for å behalde foreldreretten og tene nok pengar til dei to.
Den allereie slitsame kvardagen vert eit sant kaos når Lilo adopterer ein «hund», Stitch (Chris Sanders). Han er eigentleg eit utanomjordisk eksperiment som krasjlanda på jorda etter å ha flykta frå si eiga, intergalaktiske rettssak. Skapt av vitskapsmannen Jumba (Zach Galifianakis) som eit våpen, er Stitch langt ifrå det ideelle kjæledyret.
Medan Lilo forsøker å lære sin nye bestevenn å oppføre seg, vert Jumba send ned saman med jord-eksperten Pleakley (Billy Magnussen) for å hente eksperimentet. Kan Stitch unngå lova, eller er han dømd til å øydelegge både fred og familie?
Nydeleg dynamikk
Lilo har alltid vore ein av mine favorittkarakterar frå Disney, delvis fordi ho er litt forferdeleg til tider, slik ungar er. Eg var med det litt nervøs for korleis filmen kom til å handtere ho.
Heldigvis for meg, var prestasjonen til unge Maia Kealoha eit absolutt høgdepunkt. Ho er ei solstråle og ei toresky, energisk og morosam når det trengst, men også ei irriterande og sårbar litlesyster som slit med å finne sin plass i verda. Dynamikken mellom Lilo og Nani er nydeleg realistisk, og eg vert ganske rørt av å sjå dei saman.
Det er derfor litt rart at filmskaparane har valt å inkludere ein ny karakter, nabodama Tūtū (Amy Hill), som vert som ei slags bestemor for dei to jentene. Eg likar ho i seg sjølv, men tilværet hennar minskar intensiteten til konflikten Lilo og Nani står i. Det vert gjort nokre endringar som legg til rette for denne endringa, men for meg er resultatet likevel ei svakare forteljing enn det i utgangspunktet var.
Å ta Lilo og Stitch ut av deira animerte verd, ser også ut til å ha sett nye krav for realisme. Jumba og Pleakley, som i originalen sjarmerande nok berre treng å ta på seg menneskeklede for å skjule at dei er romvesen, får i denne versjonen menneskelege former ved å klone eit par turistar. Mykje av humoren kjem no frå deira forsøk på å opptre naturlege, trass i mangel på kunnskap om korleis menneske oppfører seg. Det fungerer greitt nok, men er langt ifrå så underhaldande. Det viser også at, trass i den imponerande teknologien som bringar animerte skapningar til live i realistisk stil, så har heilanimerte filmar ein stor fordel – dei får alt til å passe saman.
Mindre samfunnskritikk
Så er det dei endringane eg fryktar kjem frå ein politisk stad. Pleakley går ikkje lenger i kjole, trass i regissøren sitt ønske.
Det er også skuffande å sjå korleis filmen unngår å problematisere korleis turisme påverkar Hawaii, då dette er ein liten, men gjennomgåande del av originalen. I den har Lilo som hobby å fotografere turistar, som ein motreaksjon på korleis dei oppfører seg der ho bur. Ei anna scene viser at Stitch vert aggressiv når fleire besøkande på ei strand tek bilete av han med blits.
Her er det ei scene på starten der Lilo infiltrerer eit hotell og tullar med gjestane, men det er mykje vanskelegare å lese dette som ein samfunnskritisk kommentar. Den nye Lilo & Stitch viser med glede fram Hawaii som ein vakker plass med rik kultur, men er ikkje villig til å ta med seg det vesle, kritiske blikket til originalen. 23 år seinare, medan hus i Hawaii blir dyrare og dyrare på grunn av tilflyttarar og turisme, er det ekstremt skuffande.
Utrykksfulle animasjonar
Medan nyinnspelingar som Løvenes konge og Lady og Landstrykeren har fått kritikk for korleis den realistiske animasjonsstilen fjernar personlegdommen frå dyrekarakterane, har Stitch og dei andre romvesena ikkje dette problemet.
Skapningane her er uttrykksfulle og livaktige på ein måte som dei steinansikta løvene me såg i 2019 ikkje var. Stitch er ein herleg/forferdeleg liten tass og så søt (les: marknadsførbar) som han alltid har vore. Eg er rett og slett imponert over kor godt han har teke steget inn i «verkelegheita». Det gjer også Maia Kealoha sin prestasjon meir imponerande, då det verkeleg verkar som om ho har eit nært forhold til det som på settet nok berre var ei livlaus dokke.
Originalen er betre
På den andre sida er eg ikkje heilt sikker på om eg eigentleg ville vite kva slags tekstur alle dei andre romvesena har. Animasjonsfilmen sine klare, flate fargar gjer ikkje forskjell på menneske eller romvesen, men brakt inn i den realistiske stilen, vert det plutseleg ikkje så lett. Resultatet er litt urovekkande: Medan eg taklar Pleakley sitt nye, litt slimete utsjåande, er Jumba sine detaljerte skjeggstubbar og augnevipper på alle fire auge ganske ubehageleg for auga. Realismen kler rett og slett ikkje alle delar av verda like godt.
Lilo & Stitch er ei sjarmerande, underhaldande filmoppleving som vert halden tilbake av at han alltid vil vere eit objekt for samanlikning. Det er ingenting her som ikkje vert gjort betre i originalen. Har du allereie sett han, er det ikkje mykje å hale ut her, og har du ikkje det, sjå den i staden for. Samtidig kan eg ikkje lyge – eg kunne sett på dei titulære karakterane finne på tull i timevis.
I utgangspunktet koste eg meg i kinosalen, men bismaken blir berre sterkare jo meir eg tenker på han. Ein kan argumentere for at det har mest å gjere med at eg samanliknar han med originalen, men om ein ikkje kan gjere det, kva er vitsen med å lage han på nytt?
Terningkast: 4