Ønskjer strengare norsk-krav for sjukepleiarar

– Fleire av våre studentar kjem inn på studiet, men slit med å skriva oppgåver, seier høgskulelektor.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha strengare norsk-krav

Nettavisa Khrono melder i dag at Høgskulen i Oslo og Akershus (HiOA) har sendt ein søknad til Kunnskapsdepartementet (KD) om å auka karakterkravet for sjukepleiarstudentar til 3 i norsk.

LES OGSÅ: Vil ha halve pensum på nynorsk

Språkproblem
– Fleire av våre studentar kjem inn på studiet, men slit med å skriva oppgåver, forstå tilbakemeldingar, stå på eksamen og stå på kliniske studiar på grunn av dårlege norskkunnskapar, seier høgskulelektor Inga-Linn N. Hansen ved Institutt for Sjukepleie ved HiOA. Ho trur strengare norsk-krav vil minka fråfallet på studia.

I ei spørjeundersøking gjort av NRK seier 90 prosent at det er språkproblem i helsevesenet. Slike tal gjer at HiOA ikkje er dei første som er inne på tanken om å auka norsk-krava på studiet.

LES OGSÅ: Vil ha strengare norsk-krav

– Kan skapa fare
Også helsefagutdanningane ved Universitetet i Oslo (UiO) har vore innom tanken om å stilla strengare krav til elevane som søkjer seg til studia.

– Ein stor del av studentane på farmasi og dei andre helsefagutdanningane meistrar norskfaget så dårleg at me meiner det på sikt kan skapa fare for pasienttryggleiken, sa Solveig Kristenen, dekan ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet (MN), til Universitas i haust.

Då ville helsefagutdanningane ved UiO auka norsk-kravet til 4 i ei prøveordning. Der skulle òg kravet om matematikk aukast.

Studie- og læringsmiljøansvarleg ved UiO, Runar Bjørkvik Mæland, stilte seg den gong bak forslaget.

– Det vil sikra at studentane har likare føresetnader når dei startar på studiet. Det er og bra at kunnskap som er relevant for studiet, betyr meir, og at det ikkje berre er totalsnitt og tilleggspoeng som skal telja, seier han.

LES OGSÅ: Eit forsvar for feilskriving