«La Kampen-drapet bli ein vekkjar for oss alle»
Kjærleik er den sterkaste motkrafta vi har mot hat. Det betyr ikkje naive rop om harmoni, men konkret handling, skriv Victoria Elisabeth Andal.

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar. Teksta er omsett frå bokmål av redaksjonen.
Hendinga på Kampen natt til 24. august har skaka oss alle. Ei kvinne mista livet medan ho var på jobb. For dei næraste er dette eit ufatteleg tap. Men for oss som samfunn er det også ein varsku: Hatet lever midt iblant oss, og det kan ramme når vi minst ventar det.
Politiet stadfestar at den sikta har ytra høgreekstreme haldningar, og at det finst teikn til politisk motivasjon bak handlinga. Vi kan ikkje sjå dette som eit enkeltståande tilfelle.
Vi har sett dette mønsteret før. Benjamin Hermansen vart drepen på Holmlia i 2001 fordi han hadde mørk hud. 22. juli 2011 vart 77 menneske drepne av ein mann som ville ramme demokratiet vårt. I 2019 skaut Philip Manshaus si eiga søster og gjekk deretter til angrep på ein moské i Bærum.
Og no igjen – ei ny valdshandling, forankra i ideologi, hat og ekstremisme. Når vi legg desse hendingane saman, teiknar det seg eit bilete: Dette er ikkje slump. Det er ein trussel som stadig vender tilbake i samfunnet vårt.
Det handlar om oss alle
Men dette handlar ikkje berre om enkeltpersonane som tyr til vald. Det handlar om oss alle.
Hatet finst i kommentarfelta, frå 13-åringar som lærer seg retorikk på nettet, til godt vaksne og pensjonistar som deler hatefulle ytringar på Facebook.
Det finst i avisspaltene, i lukka nettforum, på gata, og kanskje også ved middagsbordet hos vår eigen familie. Hatet er ikkje noko som berre lever i ekstreme grupper på utsida av samfunnet – det har fått fotfeste midt i fellesskapen vår.

Hatet lever midt iblant oss, og det kan ramme når vi minst ventar det

Derfor må vi stille oss sjølve spørsmålet: Korleis møter vi dette? Svaret er ikkje å trekkje seg tilbake i frykt eller å overlate ansvaret til andre. Vi veit at barnevern, skule og helsevesen allereie slit med å rekruttere tilsette. Vi veit at ressursar til førebygging er for knappe. Og vi veit at dei som står i frontlinja ofte manglar både kapasitet og støtte til å fange opp signala tidleg. Om vi verkeleg meiner alvor når vi seier at «all form for politisk motivert vold er fullstendig uakseptabelt», så må vi også vere villige til å satse på dei som skal bere denne kampen.
Vi må ikkje frykte kampen. For vi veit at kjærleiken og openheita vinn, om vi berre tør å stille opp for kvarandre. Det krev at vi ikkje vender blikket bort når vi ser hatefulle ytringar i sosiale medium. Det krev at vi tør å ta diskusjonen ved middagsbordet, sjølv når det er ubehageleg. Det krev at vi stiller krav til politikarar om meir ressursar til førebygging, og at vi heiar fram dei som vel å jobbe i barnevernet, i skulen, i politiet og i organisasjonar som byggjer fellesskap.
Ingen plass for politisk motivert vald
Kjærleik er den sterkaste motkrafta vi har mot hat. Det betyr ikkje naive rop om harmoni, men konkret handling: å inkludere dei som står utanfor, å løfte fram kunnskap framfor frykt, og å byggje tryggleik i staden for mistillit.

Hatet er ikkje noko som berre lever i ekstreme grupper på utsida av samfunnet – det har fått fotfeste midt i fellesskapen vår

Vi må gjere det klart at i Noreg finst det ingen plass for politisk motivert vald, anten han rammar muslimar, jødar, skeive, innvandrarar eller politiske meiningsmotstandarar.
La Kampen-drapet bli ein vekkjar – ikkje berre for PST og politikarane, men for oss alle. Vi må sjå at hatet ikkje stoppar av seg sjølv. Det er vårt felles ansvar å bryte det ned, steg for steg, med kjærleik, fellesskap og openheit. Før fleire liv går tapt. Fordi dei som er ramma av desse drapa, og vi som samfunn, fortener det.