Utdanning

«Du må ikkje til ein storby for å ha ei minnerik studietid»

Dersom du spør ein som har studert i Volda kva det beste med studietida var, så får du stort sett høyre studentmiljøet, skriv Tale Rørvik Lejon, leiar i Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda.

Tale Rørvik Lejon
Leiar i Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda
Publisert

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Framsidene er om dagen fulle av saker om bustadkrise for studentar i byane. Det er då på sin plass med eit kjærleiksbrev til heimbygda og studiebygda mi.

Taco og raspeball

Bygda mi har ein tendens til å kjennast som ein heim, ofte ei bygd folk vel å bli verande i.

Vi har både høge fjell og djupe fjordar.

Vi har ein haug av engasjerte menneske som gjer kvar dag litt betre.

Vi har heimar som ikkje kostar skjorta, som let oss leve medan vi les. Er du sparsam av deg, så kan du leve på stipendet.

Vi har ei god kantine med alt frå taco til raspeball og sosiale samlingsstadar der ein lett kjem i prat med nye studiekameratar. Vi har til og med det kjære studenthuset vårt, med frivillige som gir av si tid for å sikre gode opplevingar for andre.

Du må ikkje til ein storby for å ha ei minnerik studietid. Det langstrekte landet vårt er fullt av både store og små skattar som ventar på å ta deg i mot. Kanskje vi kan freiste med ein mediterande kanotur?

Passe stort

Dersom du spør ein som har studert i Volda kva det beste med studietida var, så får du stort sett høyre studentmiljøet. Miljøet i Volda blir ofte skildra som akkurat passe stort. Det er ikkje for stort til å bli overvelda av, men heller ikkje så lite at ein kjenner på klaustrofobi. Uansett kven du er eller kva du studerer, så er det rom til deg.

Høgskulen i Volda har ein passeleg storleik, som gjer at vi er tett på leiinga. Studentparlamentet arbeider kontinuerleg for å sikre den beste studieopplevinga for alle, og kan tilby både bordtennisbord, sandvolleybane og demokratitid. Vi har studentrepresentantar i alle råd og utval ved høgskulen, for å sikre studentrøysta i alle saker. Vi støttar også ein stor, flott bukett studentorganisasjonar, slik at studentane våre har størst mogleg valfridom. Sjølv om vi stortrivst på campus, så vil vi aldri gi oss på å gjere opplevinga betre.

Alle dei engasjerte sjelene vi har her i bygda har skapt eit breitt spekter av aktivitetar og hobbyar å tilby. Ein dag går du kanskje rett frå førelesing til ein kanotur på Rotevatnet. Ein anna dag kjem du kanskje rett frå fjordsauna og bading til innspeling av studentradio. Ein tredje dag kjem du kanskje rett frå fjellet til konsert på Rokken. Moglegheitene er mange.

Festival og pride

Bygda kan by på populære festivalar, uansett om du er interessert i dokumentarfilm, musikk eller friluftsliv. X2-festivalen trekkjer til seg menneske frå heile verda til bygda vår, og kan lokke med alt frå longboard til paragliding.

Vi er også oppfinnarane av Bygdepride, og det er vi stolte av. Høgskulen er ein inkluderande og trygg arena med rom for alle, og det skal ikkje endre seg. Du skal kjenne deg trygg og velkomen som student i Volda.