Sophie Elise på scena under Fossefestivalen

Påverkar Sophie Elise Isachsen deltek i lesesirkel av Morgon og kveld saman med Agnes Ravatn.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Eg takka utelukkande ja til festivalen på grunn av Agnes Ravatn – som eg har lese absolutt alle bøkene til. Ho er ein av dei forfattarane eg beundrar aller mest, skriv Sophie Elise Isachsen i ein e-post til VG.

5.–13. september er det klart for den internasjonale Fossefestivalen.

I år er fjerde gongen Det Norske Teatret arrangerer festivalen, til ære for Noregs største nolevande dramatikar, som fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.

Fredag 12. september møtest forfattar Agnes Ravatn (42) og påverkar Sophie Elise Isachsen (30) til samtale om Fosse-romanen Morgon og kveld. Arrangementet er ein del av eit gratis sideprogram.

Nynorske litteraturtips

Den franske forfattaren Édouard Louis er årets store profil. I tillegg vert det lansering av Jon Fosse sin nyaste roman «Vaim» og to nyskrivne skodespel.

Det er Fosse sitt forlag, Samlaget, som har booka Sophie Elise Isachsen til festivalen. Dei fortel om stor interesse for bøker som påverkaren anbefaler til sine rundt éin million følgjarar på Instagram og Snapchat.

Til VG seier Isachsen at ho trur ho vert sett på som eit «wild card» i samanhengen.

– Mange tenkjer eg er dum, og så kan eg sitja der og seia noko halvvegs smart og så får folk bakoversveis, seier ho til avisa.

Nynorskentusiast

Sophie Elise er ein kontroversiell påverkar som i 2021 fekk prisen årets Gullbarbie for å promotera einsidige skjønnheitsideal og unødig seksualisering. 

Men nynorskrørsla har trykt Sophie Elise Isachsen til sitt bryst, etter at påverkaren fleire gonger har uttala seg positivt om målforma.

I april i år fekk ho Målblomen av Noregs Mållag og snakka seinare ut om sitt forhold til språket. 

– Eg synest språket får ein heilt annan «schwung», og mange av dei beste bøkene eg har lese, er jo nettopp på nynorsk. Det kjennest kanskje nærare? Meir personleg? Agnes Ravatn, til dømes. Hadde ho vore like kul om ho skreiv på bokmål? Eg er faktisk ikkje sikker; ho hadde kanskje verka påtatt?